Hopp til innhold

Ingen mistenkte etter brannen i Sandnes

Fleire personar skal inn til avhøyr og kriminalteknikarar skal undersøkja branntomta, etter eit lagerbygg i Sandnes sentrum brann til grunnen i går kveld.

Kraftig brann i Sandnes sentrum

KRAFTIG BRANN: Fleire filma den kraftige brannen i Sandnes sentrum i går. Dette er ein sjåarvideo som blei sendt inn til NRK.

Per Gunnar Kvame

Per Gunnar Kvame er politiførstebetjent ved Sandnes politistasjon.

Foto: Arild Eskeland / NRK

– Det er ingen som har status som mistenkte, og det er førebels ikkje grunn til å tru at det har skjedd noko kriminelt. Men me etterforskar saka frå å kasta lys over kva som har skjedd, seier Per Gunnar Kvame som er politiførstebetjent ved Sandnes politistasjon.

Det var i går klokka 18.55 politiet fekk melding brannen i eit lagerbygg i Jærveien i Sandnes sentrum. Ingen personar blei skadde, men bygget brann til grunnen medan brannvesenet konsentrerte seg om å sikra bygga rundt.

Fleire bilar blei også totalskadde i brannen, dette heng saman med at dei som leigde lokala brukte dei til å fiksa på bilar og at det ligg eit parkeringsanlegg like ved.

Branntomta etter at lagerbygg brann ned

Slik ser det ut på branntomta i dag. Sju bilar blei totalskadd i brannen.

Foto: Arild Eskeland / NRK

Fleire avhøyr

Nå blir saka etterforska av ei gruppe på fem frå politiet, i tillegg er dei i dialog med kriminalteknisk avdeling som etter kvart skal undersøka branntomta.

– Me tek ein del avhøyr nå av huseigar, dei som var på staden og andre vitne til brannen, seier Kvame.

Fleire av dei som var i lokalet då brannen starta snakkar ikkje norsk, så politiet må ha hjelp frå tolk i avhøyra. Dei vil finna ut kva type aktivitet som føregjekk der i går.

– Slik eg har forstått det så har det vore ein slags verkstad. Men me prøver nå å kasta lys over kva det var som føregjekk. Me håper at me får betre oversikt over dette utover dagen.

Brann i Sandnes

Branntomta vil stå ei stund til

Han legg til at åstadsundersøkingane ikkje vil skje med det første, slik at branntomta i Sandnes sentrum vil stå slik den er ei god stund til. Den er nå sperra av med sperreband.

– Me prøver å samla så mange opplysingar som me kan før me går inn på åstaden. Då blir det lettare å gjera dei rette undersøkingane, seier Kvame.

Branntomta etter at lagerbygg brann ned

Slik ser det ut på branntomta i dag. Sju bilar blei totalskadd i brannen.

Foto: Arild Eskeland / NRK