Hopp til innhold

Politiet får inn mange tips om knivstikkinga i Egersund

Ein person blei knivstukken i foten i Egersund sundag ettermiddag. Sundag kveld leiter politiet framleis etter dei to gjerningsmennene på 22 år.

Politiet jaktar knivmenn i Egersund

I 19.45-tida konsentrerte politiet nok ein gong søket i Egersund sentrum.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Politiet på Bens cafe

Væpna politi samla på Bens kafé på Helleland i Eigersund. Adressa dei sjekka ut her var tom.

Foto: Magnar Larsen

– Me går gjennom fleire aktuelle adresser, men har så langt ikkje tatt nokon, sa operasjonsleiar i Rogaland politidistrikt, Brit Randulff til NRK.no i 17-tida.

Det var klokka 14.06 politiet fekk inn melding om ein mann i midten av 30-åra som hadde blitt knivstukken i foten. Mannen, som er frå Egersund, skal ha forklart at det var to menn på 22 år som stakk han. Desse er kjenningar av politiet.

Dei kom seg unna til fots, og hadde kniven med seg.

– Ikkje farlege

Etter dette har væpna politi leita etter dei to knivmennene. Dei leiter også med ein hundepatrulje.

– Dei to mennene skal vera del av same miljø som den fornærma, og det er ikkje grunn for vanlege folk å frykta dei, seier Randulff.

Førebels leiter politiet berre på adresser sør i Rogaland, der alle involverte kjem frå.

Klokka 17.30 har politiet trekt tilbake ein av patruljane. Men stadige tips i saka gjer at politiet stadig leiter nye plassar.

– Etter kvart som saka blir kjent får me inn fleire tips. Me har fått tips om at dei var observerte, men førebels har me ikkje teke nokon, avsluttar Randulff.