Hopp til innhold

Politiet har sperra av konteinarar på Varhaug

Politiet har rykka ut med blålys og sperra av to konteinarar på Varhaug. Politiet stadfestar at det er i samband med drapssaka.

Sperrer containere på Varhaug

Politiet har sperra av to konteinarar på Varhaug. Konteinarar står cirka 700 meter frå staden der Sunniva Ødegård (13) blei funnen drepen natt til måndag.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Onsdag føremiddag rykte politiet ut med blålys til to søppelkonteinarar mellom Esso-stasjonen og Spar-butikken i Varhaug sentrum. Området rundt konteinarane blei sperra av, samtidig som mindre søppeldunkar blei flytta bak sperrebandet.

I tillegg sperra politiet av kjellarinngangen til Spar-butikken. Det er sett forseglingstape på døra.

Klokka 13.30 onsdag fjerna politiet konteinarane ved hjelp av ein lastebil.

Politiet fjerner konteinarar

Politiet fjernar konteinarane som dei tidlegare på dagen hadde sperra av.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Medan politiet sperra av konteinarane, gjekk seks pensjonistar med gule vestar i gang med å plukka søppel fleire stader på Varhaug. Dette gjer dei kvar første onsdag i månaden.

Då politiet oppdaga at «ryddegjengen» var i gang, rykte dei ut.

– Me må avbryta dagens rydding, seier Eldar Odland, som leiar pensjonistgruppa.

Politiet bad Odland om å ta ansvar for å stoppa all rydding, og setja søppelet dei allereie hadde samla tilgjengeleg for politiet.

– Nye opplysingar gjorde at dei ville gå over området ein gong til for å sjå om dei kunne finna noko som kunne hjelpa etterforskinga, seier Odland.

Sunniva-kart oppdatert med kontainer

– Vi vil ikkje miste noko

Etterforskingsleiar ved Sør-Vest politidistrikt, Bjørn Kåre Dahl, stadfestar at sperringane deira, og den plutselege interessa for søppeldunkane, er knytt til drapsetterforskinga.

Politiet sperra også av kjellarinngangen til Spar-butikken.

Eldar Odland leiar «ryddegjengen» som plukkar søppel den første veka i månaden på Varhaug. Gruppa består av seks frivillige pensjonistar.

– Generelt leiter me etter ting som kan ha samanheng med det som har skjedd. Og når det gjeld ei handling som dette, vil ein gjerningsperson kvitta seg med ting, og då vil me i alle fall ikkje mista noko, seier han.

Avsperra område på Varhaug

Politiet har også sperra av ein kjellerinngang til Spar-butikken på Varhaug.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Har sperringa samanheng med eit eventuelt drapsvåpen?

– Det vil eg ikkje seia noko om, seier Dahl til NRK.

– Fann ingenting mistenkeleg

Pensjonistane har rydda i området der Sunniva Ødegård blei funnen, og området rundt huset til den sikta 17-åringen.

– Slik eg ser det så har me ikkje plukka søppel som det er noko mistenkeleg ved, men me veit jo ikkje kva som er av interesse i ei slik sak, derfor stiller me alt søppelet me har plukka tilgjengeleg for politiet, seier Odland.

Han legg til at alle ønsker å hjelpa til slik dei kan, og dersom dei hadde visst at ryddinga var mot politiet sin vilje, så ville dei aldri ha sett i gang.