Hopp til innhold

– Eg har sjølv tatt feil fleire gonger

Politistasjonssjefen i Eigersund kan fortelja at også politifolk forvekslar vektarselskapet NVC sine bilar med politibilar. Førebels har det ikkje ført til meir dramatikk enn at dei helsar feilaktig på det dei trur er kollegaer.

Steinar Langholm

Steinar Langholm er politistasjonssjef i Eigersund. Han har fleire gonger trudd at bilane til vektarselskapet NVC-Security er politibilar med kollegaer inni.

Foto: Politi.no og Jon Anders Hagen

– Det er nesten flaut å innrømma det, men eg har tatt feil opp til fleire gonger, seier politistasjonsjef i Egersund Steinar Langholm.

Han legg til at han ikkje er den einaste frå politiet som har gjort denne feilen.

– Det som skjer er at du helsar på det du trur er dine eigne kollegaer, men så oppdagar du at det ikkje er blålys på taket, seier han.

Og det er nett derfor han ikkje har sansen for vektarselskapet sine bilar, som er slåande like politiet sine eigne.

Politiets nye utrykningsbiler

Slik vil norske politibilar sjå ut neste år. Langholm reknar med at ingen vektar-firma skal kunna kopiera dette utsjåande.

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

– Ingen politiar har kommentert det

– Det er neppe tilfeldig at bilane er så like kvarandre, og for oss i politiet er det svært viktig at publikumet kan skilja mellom politiet og vektarar, seier Langholm.

Bilane køyer jamt og trutt rundt i Eigersund, og tilhøyrer vektarselskapet NVC-Security. Ifølgje eigaren av selskapet, Johnny Olsen, har dei eksistert i snart ti år utan at ein einaste politi har kommentert dette.

Nå har dei bestillt to nye bilar med same uniformering som skal koma i august.

Snart kjem nye bil-drakt

– Då eg byrja her blei eg fortalt at det ikkje fantes ein juridisk beskyttelse på biluniformeringa, dette tok eg for god fisk, og har derfor aldri sjekka saka meir opp, seier Langholm.

Nå håper han at dei nye politibiluniformeringa som kjem neste år vil vera betre beskytta.

– Det reknar eg nesten med. Eg trur nok ikkje Johnny Olsen vil skifta til dei nye fargane når dei kjem, seier Langholm og smilar.