Hopp til innhold

Politiet har ønska vindmåling på bruene i fleire år

Måndag velta to campingvogner i sterk vind på bruer i Rogaland. Politiet har lenge ønska seg vindmålarar for å unngå slike hendingar.

Campingvogn velta på Karmsund bru

TATT AV VINDEN X 2: Den første campingvogna blei tatt av vinden her på E134 over Karmsund bru litt før klokka 10. Den andre litt etter klokka 11 på E39 over Boknasund bru.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

– Reint praktisk må vi sende ein patrulje til brua og bruke skjønn, seier Edgar Mannes, politistasjonssjef i Haugesund.

Han snakkar om kva politiet må gjere før dei eventuelt stenger bruene i nordre del av Sør-Vest politidistrikt, kor to campingvogner velta i den sterke vinden måndag.

Ingen fekk alvorlege skader, men begge bruene blei stengde i fleire timar.

Det er politiet som tar avgjersla om å eventuelt stenge ei bru fordi det er for farleg å køyre over – anten for alle køyretøy, eller berre køyretøy med stort vindfang.

Edgar Mannes

Edgar Mannes, politistasjonssjef i Haugesund.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen

I 2014 bad politiet Vegvesenet om å sette opp målarar på bruene over Karmsundet og Boknasundet i Rogaland, og på Bømlabrua og Stordabrua i Vestland fylke. Førebels er dei ikkje på plass på bruene i Rogaland.

– Du er sjanselaus

Mannes kunne tenkt seg målarar, men òg kriterium som seier kva for vindretning og styrke som fortel at det er lurt å stenge.

– Vi kunne tenkt oss kriterium som var meir universelle, slik at det ikkje avheng av kvar enkelt tenestemann sitt skjønn, seier han.

Lastebil velta på Bømlabrua

VESTLANDSVIND: Også på bruene i Stord kan det vere sterk vind. Her frå Bømlabrua, kor ein tilhengar blei teken av vinden i mars i år. På Bømlabrua er det vindmålar.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

– Du er sjanselaus når tilhengaren gjer slike bevegelsar, seier Carl Eivind Mølstre i styret til Norsk Bobil og Caravan Club.

Frå huset sitt på Karmøy ser Mølstre opp på Karmsund bru. Han meiner campingvogn- og bubilsjåførar sjølv har ansvar for å sette seg inn i tilhøva på vegane, men òg at det kunne vore skilta betre.

– Det kunne godt vore eit betre varslingssystem med vindpølser eller skilt, seier han, men legg til:

– Mange nybegynnarar kunne med fordel melde seg inn i ein caravanklubb for å få rettleiing. Spesielt på Vestlandet bør ein sjekke litt. Det kan vere veldig vindfullt, seier han.

Vegvesenet ser på saka

Marianne Stokkebø, seksjonssjef i Statens vegvesen, kan på grunn av ferieavvikling ikkje seie akkurat kvifor det ikkje er vindmålarar på bruene.

Campingvogna veltet, og måtte festes til autovernet i den sterke vinden.

STROPPA FAST: Adrian Hilland tok dette biletet av si eiga campingvogn på Boknasund bru måndag. Også bilen blei løfta opp og fekk skader.

Foto: Adrian Hilland

Hendingane måndag gjer likevel at dei vil vurdere saka over sommaren.

– Det er godt mogleg at ein vindmålar vil vere eit godt verkemiddel, seier Stokkebø, men presiserer bilistane sitt eige ansvar.

– Det er alltid slik at folk har ansvar for å sjekke vêr- og vegmeldingar på førehand, legg ho til.

Uvanleg sterk sommarvind

Kor sterk vinden var måndag, er usikkert. Ved Karmsund bru på E134 opplyste Redningsselskapet til NRK at vindstyrken var 24 meter per sekund på sjøen. 50 meter over, oppe på brua, var det truleg meir.

Campingvogn velta på Karmsund bru

OVER KARMSUNDET: Campingvogna som velta på Karmsund bru, blei liggande i fleire timar. Først om kvelden kunne vogna bli fjerna.

Foto: Oddgeir Sundgot

Både der og over Boknasund bru på E39 er nordvestleg vind, slik det var måndag, det verste.

– Det spesielle er at vinden kom på høgsommaren. Vi reknar med slik vind om hausten og vinteren, men ikkje i juli, seier Mannes i politiet.

Les òg: Venter mange uerfarne campingsjåfører på veiene: – Vi skal kjøre på med kontroller