NRK Meny
Normal

Nytt opptak i Tina Jørgensen-saka

Politiet stadfestar at lensmannskontoret i Lyngdal har mottatt eit nytt lydopptak om Tina Jørgensen-drapet.

Herdis Traa

Etterforskingsleiinga i politiet i Stavanger skal også gå gjennom det nye opptaket.

Foto: Erik Waage / NRK

Politiet i Rogaland opplyser at også dei vil høyre gjennom dette nye lydopptaket. Det var eit anna lydopptak som blei overlevert til politiet, som sette i gong den siste runden med arrestasjonar og avhøyr av fire menn, som ennå er mistenkte for å ha noko med drapet på Tina Jørgensen i Stavanger å gjera.

Les også: Tipser truet med å ødelegge etterforskningen

Etterforskningsleiinga vil ikkje gi ytterlegare kommentarar om opptaket eller etterforskningen av Tina-saka gjennom helga, skriv kommunikasjonsrådgjevar Jon Dagsland i eit presseskriv.

Les også: Tipseren i Tina-saken angrer ikke

Han skriv også at politiet kjem tilbake med meir informasjon, dersom det skjer ei ny utvikling i saka.