Hopp til innhold

Politiet har ikkje bekrefta funn av sakna 12-åring

Onsdag kveld meldte familien til den tolv år gamle jenta som vart meldt sakna i Stavanger førre veke at ho var funnen og i god behald. Politiet kunne då ikkje bekrefte opplysninga.

I ei pressemelding melder politifullmektig Fride Wirak at dei framleis jobbar med å få det bekrefta at jenta er komen til rette.