NRK Meny
Normal

Politiet har fått tips om Snapchat-kanal

Politiet har fått uromeldingar om ein Snapchat-kanal, der bilete med seksuelt innhald blir spreidd ut til fleire tusen brukarar. Ingen har kontroll på om folka på bileta er med på leiken.

Snapchat-kanal

SNAPCHAT: Dette er eit lite utval av det som blir delt på Snapchat-kanalen. Det finst også bilete med mykje drygare innhald. (Bileta er skjermdumpar tekne av NRK for dokumentasjon)

Foto: Faksimile frå Snapchat

Hans Kyllingstad

Hans Kyllingstad er lensmann i Klepp. Førebels står politiet på sidelinja og føl med på Snapchat-profilen.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Eg lurer på om dei som er på bileta er klar over korleis dette blir spreidde rundt, seier lensmann i Klepp, Hans Kyllingstad, medan han ser gjennom eit lite utval bilete, som har blitt delt på ein lokal Snapchat-konto.

Han har den siste tida fått inn fleire uromeldingar om profilen, som kvar veke spreier fleire hundre bilete til om lag ti tusen abonnentar.

Dei fleste er harmlause, men nokre er intime og avslørande bilete av kjønnsorgan, seksuelle situasjonar eller rusa folk.

Kven som helst kan senda inn bilete til administratoren, som vidare gjer dei tilgjengelege for brukarane. Vidare kan dei lagrast på smarttelefonar og datamaskinar.

Jenter blir filma i dusj

JENTER I DUSJ: Fleire av videoane, som denne, er filma av andre enn dei som blir eksponert. Det er derfor umogleg for administratoren av kontoen å vita kven som er med på leiken og kven som ikkje er det. (Bilete er sladda av NRK)

Foto: Faksimile frå Snapchat
Video av mann som får oralsex

BER OM SEX: Denne videoen er filma av ein mann som får utført oralsex, med ei lita oppmoding om meir sex på Snapchat-kanalen. (Bilete er sladda av NRK)

Foto: Faksimile frå Snapchat
Penis med snus

TREND: Dette bilete viser ein penis med snus på. Ved å skriva «Ny trend?» på bilete, blir det oppmoda om at fleire skal gjera det same og lasta opp. (Bilete er sladda av NRK)

Foto: Faksimile frå Snapchat

Sex, pengar og dop

NRK har vore i kontakt med administratoren av sida, som vil vera anonym.

Han fortel at profilen er meint som rein underhalding. Sjølv om det av og til dukkar opp bilete av sex, pengar og dop på kontoane, meiner han at dei held seg innanfor norske lovar og reglar. I alle fall nå.

– I byrjinga kom det utan tvil mange meldingar til politiet. Då hadde eg «tilsett» eit par administratorar til å styra. Eg hadde ikkje gjort reglane klare nok, så det blei lagt ut bilete av ulovlege stoff. Dette vil ikkje skje igjen, fortel han i ein epost.

Han seier at han kan få inn så mykje som eitt bilete kvar tiande sekund. Ein god del av desse når ikkje gjennom.

– Det er eit høgt kvalitetskrav for å koma med i «my story» og det er berre det mest underhaldande som kjem ut. I tillegg er nokre bilete for dryge, ekle eller seksuelle til at eg legg dei ut, skriv han.

– Ikkje alle er med på leiken

Mange av dei som blir eksponerte er heilt klart med på leiken, men fleire blir filma eller tekne bilete av i situasjonar der dei ikkje er klar over det. Dette er svært problematisk meiner lensmannen i Klepp.

– Når dette blir delt på internett har nokon trødd langt over ei grense, seier Kyllingstad.

Administratoren meiner at dei tar avstand frå mobbing på nett.

– Det blir ikkje lagt ut snappar som er personleg stygge mot folk. Likevel kan mange snappar vera veldig provoserande, utan at nokon blir hengt ut eller blir ønska vondt.

Førebels er det berre uromeldingar politiet har fått inn. Det blir ikkje sett i gang etterforsking før det kjem ei formell melding til politiet frå folk som meiner dei har blitt krenka.