Hopp til innhold

Politiet er ferdig med avhøyr av Birgitte Tengs-sikta

Sist veke blei mannen som er sikta for drapet på Birgitte Tengs, avhøyrd. Det er truleg siste gong før politiet sender saka til tiltale. Tina Jørgensen er han ikkje avhøyrd om sidan i fjor haust.

Drapsåsted Karmøy, Birgitte Tengs

Politiet ved drapsstaden på Karmøy i mai 1995. I september 2021, meir enn 26 år seinare, blei ein mann sikta for å stå bak drapet.

Foto: NRK

– Per nå har vi stilt han dei spørsmåla vi ønsker svar på, og vi har ikkje planar om nye avhøyr av han, seier politiinspektør Unni Byberg Malmin.

Unni Byberg Malmin

Politiinspektør Unni Byberg Malmin.

Foto: Odin Omland / NRK

I juni avhøyrde politiet mannen som i september i fjor blei sikta for drapet på Birgitte Tengs på Karmøy i 1995, fleire gonger. Det siste avhøyret blei avslutta torsdag i sist veke, altså den siste dagen i juni.

I juni la også den sikta mannen fram fleire kravsmål om nye etterforskingsskritt han meinte politiet burde gjere. Dei fleste av desse har politiet gjort, ifølgje Malmin.

– Det står igjen nokre få undersøkingar, men vi antar at vi får ferdigstilt etterforskinga i løpet av sommaren, seier ho.

– Har sagt det viktige

Malmin seier spørsmåla har vore av taktisk art. Den sikta mannen sin eine forsvarar, Stian Kristensen, spesifiserer etterforskingsskritta til å handle om personar og datoar.

Stian Kristensen

Stian Kristensen er den eine av den sikta mannen sine to forsvararar. Han seier klienten hans har det tøft fordi han er skulda for noko han meiner han ikkje har gjort, men at han blir godt tatt vare på i fengsel.

Foto: Odin Omland / NRK

– Spørsmål knytte til kven som var kor og kven som var saman med kven, men det er også ein del datoar vi ønsker å få avklart, seier han.

Kristensen seier klienten hans etter beste evne har svart på det politiet vil spørje han om.

– Det er utfordringar med å hugse tilbake 27 år. Men han opplever at han har fått sagt det som er viktig for ham å få sagt til politiet, seier Kristensen.

Trur dei er ferdig i august

– Viss vi har fleire innspel, kan vi fremme dei og be om at det blir gjort, sjølv om saka blir send frå politiet til statsadvokaten, seier han.

Tidlegare har politiet meldt at dei ville vere ferdige med etterforskinga og sende saka til statsadvokaten, som tar ut ein eventuell tiltale, i løpet av juni. Den tidsplanen heldt ikkje. Likevel vil ikkje Malmin seie noko som tyder på at planen om rettssak i oktober må bli utsett.

– Vi antar at ei innstilling vil gå til statsadvokaten i løpet av august, seier ho.

«Berre» mistenkt i ti månader

Da mannen i 50-åra blei sikta i Tengs-saka, blei han også mistenkt for å ha drepe Tina Jørgensen i Stavanger i 2000. Mannen har sete i varetekt i ti månader. På den tida kunne politiet ha etterforska seg fram til ei sikting, som er ein sterkare skulding enn ein mistanke.

Det har ikkje skjedd. Ifølgje Malmin er det ingen endring i den sikta sin status. Politiet ventar på fleire avhøyr i Jørgensen-saka før dei kan gjere etterforskinga her ferdig.

– Dette er to veldig høgt prioriterte saker hos politiet. Det er viktig for oss å gjere alle dei undersøkingar vi kan for å finne ut kva som har skjedd i begge sakene. Det vil vi fortsette med fram til vi har komme i mål, seier ho.

Stian Kristensen seier klienten hans ikkje er avhøyrt om Tina Jørgensen sidan i fjor haust.

– Etter det vi har fått beskjed om, har det ikkje vore nokon vidare utvikling i den saka. Så den står der ho sto ved pågripinga, seier han.