Hopp til innhold

Får ikkje tvinga den sikta til å gjera dette

Politiet trur den valdssikta mannen (22) har filma valdsepisoden på telefonen, men Høgsterett gir ikkje politiet lov til å tvinga han til å opna den.

US-APPLE-FINGERPRINT File photo of a journalist testing the the new iPhone 5S Touch ID fingerprint recognition feature in Beijing

FINGERAVTRYKK: Fleire smarttelefonar bruker fingeravtrykk-teknologi for å sikra at det berre er eigar av telefonen som har tilgang på den.

Foto: JASON LEE / Reuters

Det var under etterforskinga av ei valdssak frå Jæren at politiet i mars bad om å få bruka tvang for å få ein av dei sikta til å låsa opp telefonen med hjelp av fingeravtrykk. Politiet trur nemleg at telefonen blei brukt til å filma valdshandlingane, men den sikta nektar å låsa den opp.

Både i Jæren tingrett og i Gulating lagmannsrett fekk politiet løyve til å bruka tvang om nødvendig, med grunnlag i straffeprosessloven §157 (sjå faktaboks nedst i artikkelen). Dette er ei lov som mellom anna gir politiet lov til å ta blodbrøve av sikta i straffesaker.

– Svært nøgd

Men saka blei anka vidare til Høgsterett, som i dag kom med ei samrøystes avgjersle. Dei meiner at tingretten og lagmannsretten si tolking av lova er feil. I rettsavgjersla står det mellom anna:

«Når det så gjelder lagmannsrettens formålsbetraktninger, er det ikke tvilsomt at tilgang til opplysninger i mobiltelefoner kan være av sentral betydning for oppklaring av straffesaker. Formålsbetraktninger kan imidlertid ikke i seg selv gi hjemmel for det tvangsmiddel som saken gjelder.»

Advokaten til den sikta 22-åringen, Inger Marie Sunde, er nøgd med avgjersla.

– Eg er naturleg nok svært nøgd med Høgsterett si avgjersle. Det finst ingen heimel i lova som opnar for at ein med makt kan bruka ein person sin kroppsdel, for eksempel fingeravtrykk eller auge, for å undersøka andre objekt utanfor kroppen, seier ho til Stavanger Aftenblad.

Avgjersla gir rettleiing for korleis ein skal forstå straffeprosessloven § 157.