Hopp til innhold

Framleis misnøye med politibemanninga

I dag blei det kjent at politiet får 350 nye operative stillingar i år. I eit av dei dårlegast bemanna distrikta, Haugaland- og Sunnhordland politidistrikt, er det framleis ein lang veg å gå før bemanningssituasjonen er friskmeldt, meiner Politiets Fellesforbund.

Politifolk i Haugesund

Berre fem politidistrikt i landet har færre politifolk per 1000 innbyggar enn Haugaland- og Sunnhordland politidistrikt.

Foto: Arne Gunnar Olsen / NRK

Steinar Langholm

Politimeister i Haugaland- og Sunnhordland politidistrikt, Steinar Langholm, er nøgd med 16 nye årsverk.

Foto: Eirin Larsen / NRK

I 2009 ropte Politiets Fellesforbund varsku om bemanningssituasjonen i Haugaland- og Sunnhordland politidistrikt. Det var berre 1,1 politiårsverk per 1000 innbyggar.

Etter dette har det kome fleire politistillingar til distriktet, og bemanninga var i fjor sommar oppe i 1,27 politiårsverk per 1000 innbyggar. I tillegg fekk distriktet i dag beskjed om at dei får tilsetta 16 nye i løpet av 2014.

– Me er svært nøgde med at me får såpass mange stillingar til distriktet, seier politimeister i Haugaland- og Sunnhordland politidistrikt, Steinar Langholm, til NRK.no.

Prioriterer etterforsking

Han opplyser om at dei hovudsakleg vil bruka stillingane på etterforskingsarbeid, der han meiner behovet er størst.

– Elles vil me prioritera førebygging og beredskap, seier han.

Politioverbetjent, Olav Espedal, som også er nestleiar i Politiets Fellesforbund, er også nøgd med dei 16 nye stillingane, men meiner at bemanningssituasjonen framleis ikkje er god nok i distriktet.

– At me får ein auke er sjølvsagt eit skritt i riktig retning. Men me er framleis eit av politidistrikta i landet med lågast bemanning, noko som først og fremst rammar innbyggarane, seier Espedal.

Han seier at bemanningssituasjonen ikkje kan friskmeldast i forhold til slik den var i 2009.

– Sjølv om me har blitt fleire politifolk så har me også fått pålegg om meir trening. Derfor har ikkje tida til reelt politiarbeid auka like mykje som tala tilseier, seier han.

– Viktigast med hovud og hender

Politiet får 350 nye operative stillingar i år. Flest nye stillingar går til Oslo (67), Romerike (27), Rogaland (26) og Hordaland (26).

Dette går fram av disponeringsskrivet Politidirektoratet sende ut til politidistrikta og politisærorgana denne veka.

– Politiet har fått store ressursar. Dette styrkjer arbeidet med å førebyggje og nedkjempe kriminalitet og skape tryggleik for befolkninga. Hovud og hender er den viktigaste ressursen vi har, seier assisterande politidirektør Vidar Refvik.

I tillegg til dei operative stillingane får politiet 70 nye sivile tilsette. Desse skal blant anna vere med på å styrkje innsatsen mot datakriminalitet og økonomisk kriminalitet.