Det var 33 år gamle Scarlet Thomsen, som på fredag føremiddag blei funnen død utanfor bustaden sin like ved Bryne sentrum. På sundag skulle ho blitt 34 år.
Politiet held framleis moglegheita for drap open. Etter ein førebels obduksjonsrapport er i alle fall teorien om at ho døydde som følgje av vald styrka.
– Etter obduksjonen er me styrka i mistanken om at ho er påført vald før ho døydde, seier politiadvokat Øyvind Haukland.
Han ønsker ikkje å sei meir om rapporten på nåverande tidspunkt.
– Dødsårsak og dødstidspunkt ønsker eg ikkje å gå inn på med omsyn til etterforskinga, seier Haukland.
Varetektsfengsla i fire veker
Det var på føremiddagen fredag 9. oktober Scarlet Thomsen blei funnen død etter familien hennar dagen før hadde meldt ho sakna.
Ikkje lenge etter blei ein mann (37) pågripen i nabokommunen Hå. Mannen, som var sambuar med avdøde, blei sikta for grov kroppskrenking med døden til følgje (sjå faktaboks).
I avhøyr på sundagen nekta han straffskuld. På måndag motsette han seg også varetektsfengsling.
- Les òg:
Jæren tingrett avgjorde likevel at han skal haldas fengsla med brev- og besøksforbod i fire veker. Dei to første vekene blir i såkalla fullstendig isolasjon.
– Denne avgjersla anker han, seier forsvararen hans Per Ragnar Holtet-Andersen til NRK.
Skal gjera fleire avhøyr
Politiet held fram etterforskinga av saka.
– Me har ei rekke taktiske og tekniske etterforskingsskritt som står att, seier Haukland.
Han snakkar då til dømes vitneavhøyr. Haukland seier på generelt grunnlag er vanleg med mange avhøyr i denne type saker.
Han held også moglegheitene opne for at det kan koma fram ting i etterforskinga som fører til at siktinga blir utvida.