Hopp til innhold

Politiet åtvarar: Ti slåstkampar på ti dagar

Sør-Vest politidistrikt ser ein urovekkjande trend. På ti dagar har dei fått meldingar om ti avtalte slåstkampar blant ungdom i Sør-Rogaland.

Slåsskamp Sør-Vest

Utsnitt frå ein mobilvideo frå ein av dei ti slåstkampane.

Foto: Skjermdump, Sør-Vest politidistrikt

Ungdom i Stavanger, Sola og Sandnes planlegg store slåstkampar, og tilskodarane spreier bilete og videoar på sosiale medium.

Den siste tida har politiet sett ein auke i slike hendingar, og det uroar Sør-Vest politidistrikt.

– Me har hatt veldig mange tilfelle på få dagar i oktober. Derfor fryktar me ein ny trend, seier Kathrine Sæland Rotseth, leiar for førebyggjande avsnitt i Stavanger.

Politiet opplyser at det har vore opp mot 50 ungdommar til stades på slåstkampane.

Snapchat problematisk for politiet

Politiet har sjølv ikkje vore til stades på slåstkampane – og når dei har kome, har ungdommane sprunge sin veg.

– Men me har fått inn fire ulike videoar frå hendingane, opplyser Rotseth.

Ho fortel at oppgjera blir avtalt og delt på sosiale medium, hovudsakleg på Snapchat. Det skapar problem for politiet.

– Snapchat er kjempe utfordrande, fordi innhaldet forsvinn. Derfor har me ikkje fått oversikt over sjølve meldingane, seier Rotseth.

Kathrine Sæland Rotseth

Kathrine Sæland Rotseth, leiar for førebyggjande avsnitt i Stavanger.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Dei mest sårbare

Mange av dei involverte er unge ungdommar, dei fleste under 15 år.

– Me ser at det dei mest sårbare ungdommane som er med på dette. Dei som kanskje ikkje meistrar skulen, dei som ikkje har det bra heime og dei som har eit godt nettverk, seier Charlotte K. Larsen som jobbar i Uteseksjonen i Stavanger.

Ho fortel at alle ungdommar ønskjer å bli høyrt og sett. Og at ungdom som føler at dei ikkje blir det. Kan bruka vald som ein metode for å få respekt og innpass i eit miljø.

– Det er betre å få respekt gjennom frykt enn å ikkje få respekt i det heile, seier Larsen.

Politiet meiner det er viktig at foreldre ikkje er naive i møte med slåssproblematikken. Dette er ungdommar i ein sårbar posisjon, og som vil vere der det skjer.

– Me har identifisert nokre av ungdommane som folk me har vore borti tidlegare, eller som er i barnevernet, seier Kathrine Sæland Rotseth.

– Men fleire av desse ungdommane kan vere «kven som helst». Det er ein trigger å vere med der det skjer, seier ho.

– Politiet vinn ikkje åleine

Sør-Vest politidistrikt har avverja tre av desse ti slåstkampane. Likevel vil dei få fleire med til å førebyggje ungdomsvalden.

Denne veka sende politiet brev til alle ungdomsskulane i Stavanger kommune, kor dei oppmoda til å fokusere på dette problemet.

TIL FORELDRE: VET DU HVA UNGDOMMEN DIN... - Sør-Vest politidistrikt | Facebook

– Dette er ei alvorleg utvikling, og politiet vinn ikkje denne kampen åleine, seier Rotseth.

– Håpet er at me, saman med skule og foreldre, kan få ein god dialog med ungdommane om dette – også det å observere og spreie slåstkampane på sosiale medium, held ho fram.

Vil få fram alvoret

På Kristianslyst skole i Stavanger kjenner dei tilsette til at det føregår slåsting blant ungdomsskuleelevane.

– Dette er eit ganske nytt fenomen, som me har sett det siste året, seier rektor Sverre Jørgen Høgmo.

Rektoren fortel at skulen ser alvorleg på problemet, og at dei no vil jobbe saman med foreldre og det offentlege for å førebyggje.

– No skal kvar lærar ta dette opp med sin klasse. Me håpar å til ein god samtale om konsekvensane – både dei fysiske og psykiske. Det er viktig å få fram alvoret i dette, seier Høgmo.

Også på Austbø skole er rektor Terje Angelskår kjend med desse hendingane.

– Dette er veldig alvorleg – på fleire nivå. Det openberre er dei fysiske skadane, men vel så alvorleg er det med alle tilskodarane, som er med på å skape press, men ikkje grip inn, seier Angelskår.

– Framover skal me poengtere tilskodarbiten overfor våre elvar: Kva kan det gjere med deg personleg når du veit at du bidreg til noko du burde gitt beskjed om, seier han.