Politiet har torsdag morgon teke beslag i denne traileren på Bryne.
Foto: Marianne Terjesen / NRKTorsdag morgon held politiet vakt ved ein trailer i Hognestadvegen ved industriområdet Håland på Bryne.
– Politiet fekk melding om merkeleg aktivitet rundt traileren som stod parkert ved industriområdet Håland, på Bryne, fortel operasjonsleiar i Rogaland politidistrikt, Egil Karlsen, til NRK.no klokka 08.30.
Tre austeuropearar
Han seier vidare at då politiet kom til staden såg dei tre menn som var i full gang med lossing av alkohol frå traileren.
– Dette var tre austeuropearar på 22, 28 og 51 år. Dei er alle tekne med inn i arresten, fortel Karlsen.
Politiet jobbar nå med å få oversikt over kor store mengder alkohol, kva type alkohol det er snakk om, og om det er andre ting av interesse i bilen.
– Vi har funnet åtte pallar med fleire tusen liter alkohol, og fleire tusen sigarettar Men traileren var ikkje fullasta, og det er grunn til å det er enda meir ein annan stad. Me ransakar og driv elles etterforsking på vanleg måte, seier Karlsen.
VIDEO: Politiet har i dag tidlege teke tre austeuropeiske menn, som var i full gang med å losse alkohol av ein trailer på Bryne.
Blir avhøyrt i dag
Dei tre austeuropearane er avhøyrt i dag. Alle tre er sikta, men politiet vil ikkje seie kva dei er sikta for.
– Me ynskjer ikkje å gjere det av omsyn til etterforskinga, seier jourhavande jurist ved Rogaland politidistrikt, Marjane Mikalsen.
Dei tre sikta blir framstilt for varetektsfengsling i morgon. Dei har fått oppnemnd kvar sin forsvarar.
– Me er tidleg i etterforskinga, og vil av omsyn til etterforskinga ikkje kommentera om me kjende til traileren før tipset kom i dag tidleg. Heller ikkje om mennene er kjende av politiet frå før, seier Mikalsen.