Hopp til innhold

Plyndrar skipsvrak frå 1800-talet

Då ekstremvêret Urd herja på Jæren vart eit freda skipsvrak skylla i land. Politiet har sett sperreband rundt kulturminnet, men det stansar ikkje suvenirtjuvar.

Vrakplyndring på Ogna

Restane av Magdalene Christine som forliste i 1852 har ikkje fått ligge i ro på Ogna.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Jan Wiig

Skipsentusiast Jan Wiig liker ikkje at vraket ikkje har fått ligge i fred på Ognastranda.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Det er utruleg trist. Før i tida kalla de dei strandrøvarar, og de finst visst enno, seier skipsentusiast Jan Wiig.

Vrakrestane han står ved blei skylla i land på Ogna på Jæren med uvêret Urd i førre veke og stammar truleg frå 1800-talet. Politiet har fått inn meldingar om folk som tek med seg suvenir frå vraket. Det smerter eit gamalt sjømannshjarta.

– Eg ser nå, når eg samanliknar med tidlegare bilete, at det har vore vrakrøvarar her, seier Wiig.

– Statens eigedom

Politiet har nå sett opp sperreband rundt vraket og slår fast at det er ulovleg plukka med seg bitar av rakte, om det skulle vera noko tvil.

– Båtar med sjøsettingsdato eldre enn hundre år, som er vrak, er automatisk freda og statens eigedom, seier politiførstebetjent Trond Ivar Våge ved Hå lensmannskontor.

Då ekstremvêret Urd herja på Jæren vart eit freda skipsvrak skylla i land. Politiet har satt sperreband rundt kulturminnet, men det stansar ikkje suvenirtjuvar.

VIDEO: Lokalhistorikaren konstaterer at delar frå skipet er sakna.

Truleg Magdalene Christine frå 1852

Lokalhistorikar Anders Haver meiner det er sannsynleg at vrakrestane stammar frå skipet Magdalene Christine som forliste i 1852. Fem mann mista livet, men forliset skulle likevel føra til at mange liv seinare blei redda.

Anders Haver

Lokalhistorikar Anders Haver har god kontroll på skipshistorie på Jæren.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Forliset vart oppdaga av Tønnes Houge Puntervold frå Eigersund, som skulle til Stavanger, seier Haver.

Forliset gjorde så sterkt inntrykk at han skreiv brev til departementet om at dei måtte få kystvaktstasjonar på Jæren med moderne redningsutstyr, noko dei også gjorde.

– Etter det var det berre to-tre mann som drukna, av alle skutene som stranda mellom 1854 og fram til det blei nedlagt, seier Haver.

– Lever suvenirane tilbake

Skipsentusiasten Jan Wiig har ei klar melding til dei som har tatt seg til rette.

– Er det nokon med dårleg samvit, som har teke med seg spant frå dette skipet: Ver så snill og kom tilbake med det. Kom gjerne om natta, så ingen ser deg, men ver så snill, seier Wiig.

– Dette er eit svært stykke historie. Me må ta vare på det så ungdommane får sjå kva som har skjedd før i tida, legg han til.

Hamnar kanskje på Jærmuseet

Håpet er uansett at sjøfartsmuseet snart tek hand om vrakrestane og dei er i dialog med Jærmuseet og Hå kommune og lovar ei snarleg avgjersle. Dagens utsending frå Jærmuseet har i alle fall lyst å få det på plass i utstillinga si.

Ingeborg Nærland Skjærpe

Ingeborg Nærland Skjærpe ved Jærmuseet ønsker seg vraket dit.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Vi har ei avdeling om handlar om redningsstasjonane på Jæren der vi fortel om forlis og redningshistorie. Dette er veldig relevant for den, seier Ingeborg Nærland Skjærpe ved Jærmuseet.

Og medan sjøfartsmuseet i Stavanger vurderar kva som skal skje vidare med skipsvraket så står det i fare for å bli teke av sjøen eller plukka vekk av folk som vil ha seg ein liten bit historie.