NRK Meny
Normal

Plogar ut kursen for auka matproduksjon

Plogfabrikken til Kvernelands-gruppa i Klepp satsar tungt på teknologi som kan auka matproduksjonen. Men bondelaget fryktar kostnadane med teknologi-landbruket.

Per Varhaug

Forskings- og utviklingsdirektør Per Varhaug ved Plogfabrikken i Klepp trur bonden aldri blir overflødig med den teknologiske utviklinga. Den norske bonden må nok uansett førebu seg på litt andre arbeidsoppgåver i framtida.

Foto: Magnus Stokka / NRK

I testhallen til Kvernelands-gruppas plogfabrikk i Klepp blir kvaliteten på plogane testa. 4–5000 plogar rullar ut av produksjonshallane i Klepp i året, i det som er verdas største plogfabrikk.

Plogen som forskings- og utviklingsdirektør Per Varhaug viser, er bygd opp med integrert elektronikk for å måla GPS-posisjonen, slik at bonden kan pløya jorda med millimeterpresisjon.

– Den utnyttar GPS-signal og justerer inn dersom plogen pløyer skeivt, kommenterer direktøren.

Avansert teknologi som dette blir kalla smart farming eller presisjonslandbruk. Her satsar Kverneland-gruppa tungt, og varslar nyheiter på dette området utover året. Derfor er dei heilt avhengige av at det også bli satsa på teknologi i verdsrommet.

– Den nye digitaliseringa og økosystemet som blir bygd opp krev konstant link mellom satellittar og det som går på tilarbeiding av landbruket, seier Varhaug.

Romfart

Anne Cathrin Østebø

Administrerande direktør i innovasjonsselskapet Validé i Stavanger, Anne Cathrin Østebø.

Dette gjer at regjeringa sin nye romstrategi er viktig både for landbruksindustrien og den norske bonden. Ifølge administrerande direktør i innovasjonsselskapet Validé i Stavanger, Anne Cathrin Østebø, er det teknologiske potensialet for landbruket stort.

– Landbruket er på hogget til å utvikla seg vidare. Det kan me gjera saman med romrelatert verksemd. Gjennom kunnskap og data kan ein utvikla til dømes nye, sjølvgåande traktorar.

I tillegg blir satellittane sine jordobservasjonar viktige for landbruket. Dette kan revolusjonera næringa, ifølge Østebø.

– Landbruket kan bli meir effektivt ved at ein kan dyrka dei rette tinga i forhold til jordsmonnet som er analysert. Du veit også når du skal gjødsla. Gjennom jordobservasjon kan du analysera jorda på ein heilt ny måte. Landbruket kan revolusjonerast både nasjonalt og internasjonalt.

Østebø påpeikar at det å tilpassa landbruket blir ekstremt viktig i ei tid med aukande klimaendringar.

Fryktar kostnadane

Bonde Marit Epletveit

Leiar i Rogaland Bondelag, Marit Epletveit.

Foto: Mari Friestad / NRK

Utviklinga landbruket står overfor er spanande, meiner Bondelaget i Rogaland. Dei poengterer likevel at ny teknologi betyr ekstra utgifter for bøndene.

– All ny teknologi kostar i starten, både i form av kroner og øre og i form av at mykje av utstyret ikkje er godt nok tilpassa. Det gjer at du treng veldig mykje tid på setja deg inn i utstyret og få det til å fungera, meiner leiar i Rogaland Bondelag, Marit Epletveit.

Men forskingsdirektør Varhaug ved plogfabrikken i Klepp påpeikar at bonden for eksempel får behov for mindre kunstgjødsel og sprøytemidlar med ny teknologi og større presisjon.

– Og når ser me dei første sjølvgåande traktorane på Jæren?

– Dei første sjølvgåande traktorane er alt på jorda ute i verda, så dette er ikkje nytt slik sett. Her på Jæren må me nok litt ned i storleiken på køyretøya, før dei kjem på plass.