– Havbruk til havs utgjer eit nytt og spanande kapittel i norsk havbruksnæring, seier Jon Arne Grøttum, direktør for havbruk i bransjeorganisasjonen Sjømat Norge.
For når norske oppdrettarar skal etablera nye anlegg ser dei nå langt ut til havs, der vêrforholda er røffare enn inne i fjordane, der ein finn dagens oppdrettsanlegg.
Då må det må tenkast nytt om korleis anlegga skal byggast. Og derfor meiner Kåre Olav Krogenes i bedrifta Viewpoint at vil vera fornuftig å ta i bruk konstruksjonar frå offshorenæringa.
- Les òg: – Ny epoke for norsk oppdrett
Kan gi 650 årsverk
Han ønsker å kjøpa plattforma Polar Pioneer som nå ligg hos Westcon i Ølen i Vindafjord. Etter planen skal plattforma skrotast i august, men Krogenes meiner han at han kan bruka 60 prosent av plattforma slik ho er, til det nye formålet.
– Helikopterdekk, livbåtstasjon, bustadkvarteret, forankringssystemet og sjølvsagt skroget kan brukast om att, seier han til NRK.
Om plattforma skal brukast til offshore-oppdrett kjem an på om Fiskeridirektoratet godkjenner søknaden om utviklingskonsesjon.
Dersom det skjer meiner firmaet at prosjekt kan gi over 650 årsverk i byggeperioden, og 175 årsverk når produksjonen igangsettinga.
– Det er enkelt å greitt eit prosjekt som kan gi rask effekt i koronakrisa som har slått innover maritim næring, seier dagleg leiar for Maritimt Forum Haugalandet og Sunnhordland, Sverre Meling.
Slik ser Viewpoint føre seg at den ferdige installasjonen kan sjå ut.
Foto: ViewpointNybrottsarbeid
Offshore-oppdrett, eller havbruk til havs, blir definert som område som ligg mellom ei nautisk mil frå grunnlinja og 200 nautiske mil frå Fastlands-Noreg.
Både styresmaktene og næringa sjølv jobbar med å kartlegge moglegheiter og utfordringar knytt til denne måten å driva fiskeoppdrett på.
– Dette er nybrottsarbeid og ikkje vanleg i dag, men både me og styresmaktene ser at det ligg eit stort potensial i å driva havbruk til havs og meir eksponert, seier Arne Grøttum i Sjømat Norge.
Fiskeridirektoratet har tidlegare kartlagt område i Noreg, som egnar seg for dette, og som derfor bør få ei konsekvensutgreiing.
Desse områda er: Vardø, Tromsøyflaket, Lopphavet, Fugløybanken, Trænabanken, Sklinnabanken, Haltenbanken sør, Frøyabanken nord, Frøyabanken sør, Indrebakken og Norskerenna sør.
– Same moglegheiter som i olje- og gassnæringa
Frp politikar Terje Halleland er med i Energi- og miljøkomiteen på Stortinget. Han kan sjå den gule plattforma frå heimen sin i Ølen.
Terje Halleland (Frp) kan sjå plattforma frå vindauge sitt i Ølen.
Foto: Ole Andreas Bø / NRKHan meiner det vil vera viktig å få gjennomføra eit slikt prosjekt som ombygginga vil innebera.
– Mitt inntrykk er at me har ei politisk leiing i departementet som verkeleg jobbar for å realisera dette prosjektet, seier Halleland.
Å utvikla denne type oppdrettsanlegg vil gi Noreg moglegheit til å bli verdsleiande i eit nytt segment, meiner Kåre Olav Krogenes i Viewpoint.
– Me har nå same moglegheit som me har hatt i olje- og gassnæringa. At me skaper ny teknologi i Noreg, som me tar ut på det globale marknaden, seier Krogenes.
Denne stasjonære gigantmerden er akkurat nå på veg ut til Ytre Hadseløya i Nordland. Havfarmen skal plasserast i område som hittil har vore utilgjengelege for oppdrett.
Foto: Nordlaks og CIMC Raffels.