Hopp til innhold

Plastfibrar skaper problem for gigantisk tunnel-prosjekt

Statens vegvesen meiner at entreprenøren AF-gruppa ikkje tar nok omsyn til miljøet under utbygginga Ryfast. Nå er arbeidet med undersjøisk utfylling mellombels stansa, skriv Stavanger Aftenblad. Naturvernforbundet krev at havbotnen blir rydda.

Plastavfall frå Ryfast-prosjektet

Dette er plastfiber som blir brukt som armering i sprøytebetong.

Foto: Rudolf Svensen / Naturvernforbundet i Rogaland

Gunnar Eiterjord

Gunnar Eiterjord er sjef for Statens vegvesen sitt Ryfast-prosjektet.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

I november i fjor fann Fylkesmannen i Rogaland plastfibrar i hamnebassenget ved utbygginga av Ryfast, prosjektet som mellom anna rommar verdas lengste undersjøiske vegtunnel.

Plasten blir brukt som armering i sprøytebetong, men skal fangast opp av entreprenøren sitt lensesystem, og aldri nå strandsona. AF Anlegg hadde i utgangspunktet ein frist fram til 20. desember med å få orden på saka, men framleis slit dei altså med lensene som har fleire hol.

– Lense full av hol

Ryfast-sjef Gunnar Eiterjord meiner at entreprenøren må ordna opp. Han vedgår at det er dei som har ansvaret, men meiner at entreprenøren ikkje har høyrt på dei.

Plastfibrar frå Ryfast

Bilete syner plastfibrar i strandsonen på Hundvåg, mellom Sandvågen og Lundsneset.

Foto: Håkon Fossmark / Naturvernforbundet i Rogaland

– Me kan dokumentera at lensa dei bruker til å samla opp plasten er full av hol. Den fungerer ikkje. Når me så krev at entreprenøren tar i bruk ei betre lense, svarer AF-gruppa at lensa er god nok. Det held ikkje, seier Eiterjord til avisa.

Derfor har Vegvesenet nå pålagt entreprenøren å stoppa arbeidet med utfylling til eit betre lensesystem er på plass. Dette stadfestar anleggsleiaren i AF Anlegg Kjell Marvin Lavik. Han seier vidare at han ikkje kan kommentera saka sidan teieplikt er ein del av Ryfast-kontrakten dei har med Vegvesenet.

Til NRK seier Eiterjord at dette likevel ikkje får konsekvensar for framdrifta då dei mellombels kan dumpa utfyllingane på land.

Krev opprydding under vatn

Naturvernforbundet i Rogaland engasjerer seg i saka og ønsker klare svar frå Vegvesenet som er ansvarlege.

– Vi krev svar på kor mykje opprydding Statens vegvesen har gjort under vatn. Bilete me har teke, og rapportar me har fått frå dykkarar, viser at det er mykje Ryfast-søppel som forsøplar havbotn. Me krev at Statens vegvesen sett i verk dei tiltak som er nødvendige for å rydda opp også under havoverflata, seier dagleg leiar i Naturvernforbundet i Rogaland, Håkon Fossmark.

Eiterjord seier at dei skal sjekka ut omfanget av forureininga på havbotn, og så vil ta ei vurdering på kva som skal gjerast. Så langt har dei ikkje gjort noko under vatn.

Slik blir Ryfast:

Ryfast