Gler seg til å gå på jobb att

– Eg er sikker på at avtalen er bra for oss, seier Ståle Idsøe, pilot i Norwegian med base på Sola.

Ståle Idsøe

PÅ JOBB ATT I MORGON: Pilot Ståle Idsøe skal på jobb att i morgon etter ein 11 dagar lang streik.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Klokka 18.30 tysdag informerte Bjørn Kjos om at den 11 dagar lange streiken i Norwegian er over. Hundretusenvis av passasjerar har blitt råka av streiken, men frå i morgon ettermiddag reknar dei med at flytrafikken går som normalt att.

– Me er veldig nøgde med at me kan gå tilbake på jobb, seier Idsøe.

Resultatet for pilotane er at dei no går frå ytingspensjon til innskotspensjon.

– Me har senka kostnadane ved blant anna ei lågare Loss of licence-forsikring. Me har gjeve jobbtryggleik til pilotane for dei neste tre åra, men ikkje ein tariffavtale. Det var aldri på tale å seia frå oss den kommersielle styringa av selskapet, seier Norwegian-sjef Bjørn Kjos.

Idsøe har ikkje fått sett på detaljane i avtalen, men er sikker på at dei har fått ein god avtale.

– Eg veit at me har ein fantastisk gjeng i vår foreining, så eg er sikker på at avtalen er bra for oss, seier han.

Det kjem endå til å ta litt tid før flytrafikken er tilbake til det normale, men i løpet av onsdag ettermiddag skal flya gå som normalt. Sjølv skal han fly klokka 16.

– Det vil sjølvsagt ta litt tid å få flya til dei rette flyplassane, og å få tilbake permittert kabintilsette, men i løpet av ettermiddagen onsdag er det nok i orden, seier Idsøe.