NRK Meny
Normal

Piggsvinets gode hjelparar

Morten Borgen og bestemora driv «sjukeheim» for sjuke og forlatne piggsvin, før dei slepp dyra ut att i det fri.

Organisasjonen Pinnsvinhjelpen har det travelt om dagen. Kapasiteten i Rogaland er sprengt på grunn av syke, 
utsultede og foreldreløse dyr-. To ildsjeler på Bryne er med i Pinnsvinhjelpen for å ta seg av de utrydningstruede dyrene.

SJÅ DEN FINE REPORTASJEN: Denne vesle krabaten er blant dei som har fått hjelp av Morten Borgen og bestemora Åse Salten Borgen.

Pinnsvinhjelpen organiserer hjelparar i heile landet, og har hatt eit travelt år.

Frå heile fylket

– Dei kjem frå heile Rogaland. Eg har vore innom blant anna Vigrestad, Stavanger, Sandnes, Nærbø, Kverneland og Klepp for å henta dyr, seier Åse Salten Borgen i organisasjonen.

Ho og barnebarnet Morten Borgen på Bryne er to av eldsjelene som gir hjelp når dei små dyra treng det. Dersom folk finn eit piggsvin dei trur treng hjelp, kan dei ringa organisasjonen.

Morten Borgen og Åse Salten Borgen

Morten Borgen og bestemora Åse Salten Borgen tek vare på piggsvin som er skada, sjuke eller foreldrelause, til dei er friske nok til å ta vare på seg sjølv.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

– Det aller viktigaste når ein finn eit piggsvin, spesielt små, er å få varmen i dei. Dei som finn piggsvin, dei ringer som regel til Pinnsvinhjelpen og spør kva dei skal gjera. Då får dei råd og tips, seier Åse Salten Borgen.

  • LES OGSÅ:

Skal behandlast som ville dyr

Ho understrekar at piggsvin er ville dyr, og skal behandlast deretter.

– Den jobben me gjer er å få dei friske, og så skal dei setjast ut i naturen. Når dei er friske nok set me dei ut i ei lukka inngjerding. Der blir dei vande med større temperatursvingingar i tre-fire dagar, og så opnar me porten ut til fridomen, seier ho.

– Me har alltid mat til piggsvina. Me har kanskje hatt dei inne så lenge at dei er blitt litt bortskjemde med å finna mat på eiga hand. Men dei finn det om dei vil og greier seg fint, seier ho.

Morten Borgen
Foto: Ine Eftestøl / NRK