Hopp til innhold

Trassar faglege råd: No blir det gratis å bruke piggdekk

Noregs fire største byar har klart å få ned bruken av piggdekk ved å innføre gebyr. Men Stavanger vel å fjerne gebyret.

Dekkskifte hos Dekstra Forus - Herman Undersaker Wathne

Herman Undersaker Wathne har travle dagar hos Dekkstra Forus i Sandnes.

Foto: Gunnar Morsund / NRK

CO₂ i atmosfæren
418,8 ppm
1,5-gradersmålet
+1,09 °C
Les mer  om klima

Erik Holt er inne hos Dekkstra Forus for å få lagt om frå sommardekk til vinterdekk.

Det er piggfrie vinterdekk, ja. Det har eg køyrt med i 30 år, og det fungerer bra. Eg har ikkje hytte på fjellet, så eg treng ikkje piggdekk.

Han trur ikkje folk vil velje piggdekk igjen etter at stavangerpolitikarane valde å ta bort piggdekkavgifta.

Eg trur folk har vorte vande til å køyre piggfritt no. Med det klimaet og dei føreforholda vi har her i Stavanger så er det ikkje noko problem, så det trur eg ikkje vil skje.

Kunde Erik Holt får skiftet dekk hos Dekstra Forus

Erik Holt har køyrt med piggfrie vinterdekk i 30 år, og ser ingen grunn til å skifte til piggdekk.

Foto: Gunnar Morsund / NRK

Fleire vil velje piggdekk

Men tala frå Statens vegvesen viser noko anna.

– Når piggdekkgebyret blir fjerna, så aukar bruken av piggdekk.

Det seier seniorrådgivar Gunhild Lutnæs, som jobbar med klima og miljø i Statens vegvesen.

Ekstra tydeleg vart dette i Trondheim, som fjerna gebyret i 2010, men innførte det igjen i 2017.

Trondheim hadde eit opphald på seks år der dei ikkje hadde piggdekkgebyr. Då såg vi at det var fleire som brukte piggdekk. Etter at dei innførte piggdekkgebyret på ny, gjekk piggdekkbruken ned igjen, seier Lutnæs.

Gunhild Lutnæs, seniorrådgiver Statens vegvesen

Seniorrådgivar Gunhild Lutnæs i Statens vegvesen.

Foto: Statens vegvesen

Då piggdekkgebyret vart fjerna i Trondheim i 2010, var piggfriandelen på 78 prosent. Då piggdekkgebyr vart innført igjen sju år seinare, var piggfriandelen nede i 64 prosent.

Dei siste tala frå Statens vegvesen viser at dei tre andre storbyane har ein god del piggfrie vinterdekk etter at gebyr vart innført. Oslo har 90 prosent, Bergen 88 prosent og Trondheim 81 prosent.

Gebyret kan bli innført på ny

Stavanger hadde ein piggfriandel på under 70 prosent, før piggdekkgebyret vart innført i 2017.

No har ni av ti bilar i Stavanger-området piggfrie vinterdekk. Det er like høgt som Oslo, som har hatt flest piggfrie vinterdekk i prosent etter at gebyret der vart innført i 2005.

Jan Nilsen Aalhus

Miljøvernsjef Jane Nilsen Aalhus i Stavanger kommune meiner piggdekkgebyret bør innførast igjen viss mange no vel å bruke piggdekk igjen.

Foto: Ole Andreas Bø

Vi vil følgje dette veldig tett for å sjå utviklinga når det gjeld bruk av piggdekk. Vi veit at bruk av piggdekk fører til dårlegare luftkvalitet ved at det blir meir svevestøv, og at piggdekkgebyr er eit veldig effektivt tiltak.

Det seier miljøvernsjef Jane Nilsen Aalhus i Stavanger kommune.

Dei skal nå lage ein ny handlingsplan for betre luftkvalitet, der innføring av piggdekkgebyr kan bli aktuelt igjen.

Piggdekkgebyr bør innførast igjen viss andelen piggfrie dekk fell under 86 prosent, det er tilrådinga frå Vegdirektoratet, seier Aalhus.

Nesten ingen vil ha pigg

Ved Dekkstra Forus er det svært travle dagar. 7000 bilar skal den neste dryge månaden få vinterdekk. Og det går unna. Det tek sju til åtte minutt, så er alle fire dekka skifta, og bilen er klar for vinterføre.

Dekkskifte hos Dekstra Forus - Sander Thrane Årbø

Sander Thrane Årbø ved Dekkstra Forus bruker maksimalt åtte minutt til å skifte til vinterdekk på ein bil. Og det er nesten berre piggfrie dekk han set på bilane.

Foto: Gunnar Morsund / NRK

Men nesten ingen vil ha piggdekk, seier dagleg leiar Terje Holgersen.

Det er få piggdekk vi set på bilane. Det er berre dei som har køyrt med pigg alltid, som framleis har pigg. Og sjølv om piggdekkavgifta no er borte, så ser ikkje vi nokon auke i salet av piggdekk.

Daglig leder Terje Holgersen, Dekstra Forus

Dagleg leier Terje Holgersen i Dekkstra Forus seier det er nesten ingen kundar som vil ha piggdekk.

– Gebyr beste tiltak

Statens vegvesen har inga meining om det var rett eller gale av Stavanger å kutte piggdekkgebyret. Men Vegvesenet er klinkande klare på at dette er eit godt tiltak for å få betre byluft.

Piggdekkgebyr er eit av dei mest effektive verkemidla for å redusere vegstøv. Då går ein direkte på kjelda til vegstøv i motsetning til reinhald og støvdemping. Mindre bruk av piggdekk fører til at mindre vegstøv blir produsert, seier Lutnæs i Vegvesenet.

Jostein Voll får skiftet dekk hos Dekstra Forus

Jostein Voll sver til piggfrie vinterdekk, medan broren har bruk for piggar når turen går til hytta i fjellet.

Foto: Gunnar Morsund / NRK

Jostein Voll har også fått lagt om til vinterdekk hos Dekkstra Forus. Han vel piggfritt.

Eg tviler på om fleire kjem til å velje piggdekk igjen når avgifta no er fjerna. Det blir meir støy inne i bilen, og eg trur folk tenkjer på at dei kvervlar opp meir støv viss dei køyrer med piggdekk.

Men nokon vil framleis velje piggdekk, ifølgje Voll.

Bror min køyrer med piggdekk. Han køyrer mykje i fjellet. Der går det ikkje med piggfrie vinterdekk.