NRK Meny
Normal

Petroleumstilsynet: – Kunne fått alvorlege konsekvensar

Det var lenge fare for at ein 100 meter lang lekter skulle kollidera med plattformer på Valhall-feltet og Eldfisk-feltet i Nordsjøen. Petroleumstilsynet kallar det ei veldig alvorleg hending.

Eide Barge 33

Denne lekteren, Eide Barge 33, dreiv lenge fritt. Og det var fare for at den kunne kollidera med plattformer i Nordsjøen.

Foto: Eide Marine Engineering

– Dette var ei veldig alvorleg hending, med eit stort potensial. Dersom ein stor og tung lekter i driv treff ein innretning i Nordsjøen er det svært alvorleg, seier pressekontakt i Petroleumstilsynet Eileen O'Connell Brundtland.

Onsdag kveld slepte ein førarlaus lekter seg laus i Nordsjøen. Og det var lenge fare for at den kunne kollidera med plattformer på Valhall-feltet og Eldfisk-feltet.

300 personar vart evakuerte frå felta, og produksjonen vart stengd.

Eileen Brundtland

Pressekontakt i Petroleumstilsynet, Eileen O'Connell Brundtland seier dei har følgt situasjonen nøye.

Foto: Petroleumstilsynet

Handtert på ein god måte

Petroleumstilsynet har følgt situasjonen nøye, og meiner at dei som er operatørar for felta har handtert situasjonen på ein god måte.

– Dei har gjort det dei skal. Dei har sett i verk beredskapstiltak, dei har avbemanna, og dei har stengt produksjonen. Så så langt meiner me at både BP og ConocoPhilips har gjort det dei skulle i denne situasjonen, Brundtland.

Brundtland meiner det var viktig at dei valde å stenge produksjonen.

– Det er viktig at dei stenger produksjonen fordi potensialet i ei slik hending er så stort. Ein slik kollisjon kan føra til store lekkasjar, seier Brundtland.

Lekter passerer Valhall

Her passerer lekteren ein plattform på Valhall-feltet.

Foto: Reidar Waldeland/BP

Vil granska hendinga

Fire båtar var involverte i arbeidet med å få kontroll over lekteren, og det greidde dei rundt klokka 14 torsdag.

Kva som er årsaka til at lekteren slepte seg laust, er førebels ikkje kjent.

– Me veit veldig lite om det no. Me veit at det var veldig dårleg ver i området då slepevaieren sleit seg, seier administrasjonssjef Kjartan Mehammer i Eide Marine.

Det er Eide Marine som eig lekteren, og dei vil no prøve å finna ut av korleis det kunne gå så gale.

– Me vil sette ned ein granskingskommisjon for å gå gjennom denne hendinga, og for å avdekka kva det var som førte til dette, seier Mehammer.