Personar med kniv i Stavanger

Litt før klokka 16 i ettermiddag fekk politiet melding om knivstikking ved jernbanestasjonen i Stavanger. Det var eit vitne som hadde observert to personar med kniv. Politiet har sjekka opp saka og avkreftar at det dreier seg om knivstikking. Ingen er skadd og politiet har kontroll på dei to personane med kniv.