Hopp til innhold

Ein av tre vektlegg person framføre parti

Mest kvar tredje veljar vel parti ut frå kor godt dei likar ein politikar. Personfokuset i politikken er på topp i kommunevalet, mykje større enn i stortingsvalet.

Stanley Wirak

Ordførar i Sandnes, Stanley Wirak (Ap), veit at veljarane vurderer korleis han er og korleis han oppfører seg.

Foto: Erik Waage / NRK

– Han er super, seier ei kvinne på handletur i Langgata i Sandnes. Han er den beste ordføraren me har hatt, og eg kjem nok til å stemma på han ved valet til hausten.

– Er det partiet eller han som person som du då kjem til å stemme på?

– Det er nok han!

Langgaten i Sandnes

Langgata i Sandnes er ein sentral møtestad for innbyggjarane.

Foto: NRK

NRK høyrer med folk i Sandnes sentrum om kva dei tykkjer om ordføraren i byen. Meiningsmålingar har vist at Stanley Wirak frå Arbeidarpartiet står fram som ein populær politikar, og det gjenspeilar seg i stor grad i kommentarane som innbyggjarane kjem med.

Meir person i kommunevalet

Hilmar Rommetvedt er valforskar og arbeider både for forskingsinstituttet IRIS i Stavanger og for Universitetet i Bergen. Heilt sidan 1980-talet har han undersøkt kommune og fylkestingsval i Norge.

Valforskar Hilmar Rommetvedt

Person er aller viktigast for veljaren i mindre kommunar, seier valforskar Hilmar Rommetvedt

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Personfokuset som veljarane har i kommunevalet, har fortsett også dei siste to vala, viser målingane hans.

– I kommunevalet er det dobbelt så mange som seier at dei stemmer på eit parti fordi dei likar politikaren, som i stortingsvalet, opplyser Rommetvedt.

Klar forskjell

I sist kommuneval i 2011, var det 27 prosent av veljarane som opplyste at det viktigaste for deira stemmegjevnad var om dei likte politikarane i partiet.

I stortingsvalet for snart to år sidan, var det derimot berre 13 prosent som sa at politikaren var avgjerande.

– Spesielt i kommunar med mindre enn 10 000 innbyggjarar, der veljaren kjenner ein eller fleire politikarar personleg, har politikaren som person mykje å seie, opplyser Rommetvedt.

Ikkje berre stil

– Det er klart at eg tenkjer på korleis eg oppfører meg, men likevel meiner eg at det er resultata eg kan vise til som har mest å seie for populariteten, seier ordførar i Sandnes, Stanley Wirak.

Han kjenner godt til kva forskinga viser om kva veljarane går etter når dei skal bestemme seg. Derfor veit han også at det er dei politiske sakene som er aller viktigast.

Men han er også klar over at det spelar inn, korleis han står fram som menneske.

– Det nyttar ikkje med 20 stil, om eg ikkje også har eit innhald som held mål.