Mann omkom etter å hamna i sjøen i Stavanger

Mannen i 60-åra som vart frakta til sjukehus etter å ha blitt plukka opp av sjøen i Stavanger, er bekrefta omkomen.

Naudetatene ved Hillevågsvatnet

Naudetatane rykka ut til Hillevågsvatnet, etter meldingar om at det låg ein båt i fjæresteinane.

Foto: Torkel Anstensrud Schibevaag / NRK

– Me har fått bekrefta frå Stavanger universitetssjukehus at personen som hamna i sjøen er død, og dei nærmaste pårørande er varsla, seier operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt, Victor Fenne-Jensen.

Litt før klokka halv ti torsdag morgon fekk politiet melding om at det låg ein båt med motoren i gong ved innseglinga til Hillevågsvatnet i Stavanger. Det var tau i propellen og båten slo mot fjæresteinane.

Politiet sende dykkarar, eit helikopter og ein båt til staden.

– Det var ein båt som var funnen, og den var tom. Så me gjorde søk i området og i sjøen, og då gjorde me eit funn av ein person, seier innsatsleiar på staden, Gry Iden.

Han blei då frakta til Stavanger universitetssjukehus med ambulanse, men livet til mannen stod ikkje til å redda.

Veit ikkje årsaka

Politiet veit ikkje kor lenge mannen har låge i sjøen, men dei har gjort undersøkingar på staden for å finne utav kva som har skjedd.

– Me veit lite om kva det er som har skjedd. Avdøde vil bli rettsmedisinsk obdusert. Det vil bli gjennomført vitneavhøyr og samtalar med omgangskretsen og dei som kjente avdøde. I tillegg så vil båten bli undersøkt av kriminalteknikarar, seier operasjonsleiar Victor Fenne-Jensen.

Luftambulanse ved Hillevågsvatnet

Luftambulansen på plass ved Hillevågsvatnet i Stavanger

Foto: Torkel Anstensrud Schibevaag / NRK