Skulle selja draumebilen – så kom kjøparen med ein rørande beskjed

Per Reidar Johnsen ville selja draumebilen for å finansiera kreftbehandlinga til dottera. Men «kjøparen» i Bergen hadde ein annan plan.

Per Reidar Johnsen

Per Reidar Johnsen fekk 130.000 kroner for bilen. Men han fekk noko anna også.

Foto: Thomas Halleland / NRK

– Det er vemodig, eg har hatt den i nesten i ti år. Dette var siste turen, seier Per Reidar Johnsen.

Han har køyrt frå Tananger til Bergen. Bilen på hengaren er nyvaska og nypolert.

På genseren hans står det «Ingen er perfekt, men dersom du kjører en Volvo er du jævlig nærme».

Nå er det like før han skal gi slepp på draumebilen.

Trur han.

Salet av ein Volvo Amazon frå 1966 kan bidra til å forlenga livet til dottera, og det er eit val han ikkje kan la vera å ta.

– Det var nødvendig for å redda dottera mi, seier Johnsen.

Får ikkje godkjent behandling

Dottera hans, Monica Husebø Broløkken (33), fekk påvist livmorhalskreft for to år sidan. Ho har sidan då vore gjennom tøffe behandlingar.

I sommar oppdaga legen at ho hadde fått eit tilbakefall.

Håpet er at immunterapi kan forlenga livet hennar. Men tobarnsmora har fått nei frå det offentlege til den kostbare behandlinga.

Nå prøver familien å samla inn pengane som trengst, rundt 900.000 kroner.

Monica Husebø Broløkken

Monica Husebø Broløkken håpar immunterapi kan forlenga livet hennar.

Foto: Anne Kari Løberg / NRK

Kjøparen hadde ein annan plan

Faren sitt bidrag var å legga ut draumebilen for sal, og boda har strøyma inn.

Høgste bod var 130.000 kroner, og kom frå bilforhandlaren Sandven AS i Bergen, dobbelt så mykje som Johnsen hadde venta seg.

Nå er den dyrebare Volvoen på plass i Bergen, og Johnsen er klar til å levera bilen.

Men kjøparen, bilforhandlar Sandven AS, har andre planar med kjøpet.

– Dersom du ikkje har noko imot det, så vil eg ha bilen her i ein månad, og så kan du i mellomtida selja den ein gong til. Du får bilen tilbake og eg gir deg pengane me har blitt einige om, seier eigar og dagleg leiar hos Sandven AS, Trond Sandven.

Per Reidar Johnsen og Trond Sandven

Trond Sandven, til høgre, skal berre ha bilen i ein månad. Dermed kan Per Reidar Johnsen selja den ein gong til.

Foto: Thomas Halleland / NRK

– Det er fantastisk, eg blir heilt rørt, seier Johnsen momentant.

– Hadde det ikkje vore koronatider hadde eg gitt alle ein klem.

Dottera Monica er like rørt.

– Eg har ikkje ord. Er helt stum over kor snille folk er. Far strålte i telefonen av glede over kor snilt dette var. Eg setter så utruleg stor pris på dette, det går ikkje an, seier ho.

Ville bidra til ei viktig sak

Dei tilsette ved Sandven AS blei einige i lunsjen på fredag om at dei ville hjelpa på denne måten.

– Me blei veldig engasjerte alle saman då me leste bilannonsen. Og me blei einige om å bruka ein del av vårt overskot til å hjelpa denne kvinna med to barn, som har ein tøff kvardag, seier Sandven.

Over 328.000 kroner er til nå samla inn på spleis, med dei 130.000 kronene som faren nå får for bilane begynner familien å nærma seg beløpet dei treng for at Monica skal få behandling.