– Ein må jo vurdera om hovudhjula står for nære kvarandre

Helikopterekspert Per Gram ser ikkje vekk frå at det må gjerast endringar i konstruksjonen på helikoptertypen som velta på Stavanger lufthavn Sola på fredag.

Helikopterløft

SNUDDE HELIKOPTERET MED KRAN: Måndag ettermiddag og kveld har det blitt jobba for fullt med å snu og fjerna helikopteret som velta på Stavanger lufthavn Sola på fredag.

På Sola har Forsvaret i dag jobba med å snu og få vekk det heilt nye redningshelikopteret som velta på fredag. Samstundes jobbar Statens havarikommisjon for Forsvaret med å finna ut korleis helikopteret kunne velta på denne måten.

Dei har ikkje konkludert med noko endå, men seier til Aftenbladet at motoren hadde blitt reinsa og skulle tørkast då uhellet skjedde. Rotorblada sveiv då ulukka skjedde og det låg delar av rotorblada spreidd rundt helikopteret.

Redningshelikopter veltet på Sola

FREDAG: Det var to flygarar om bord i det nye AW 101-helikopteret då det velta medan motor og rotorblad var i drift, begge slapp uskadd frå hendinga.

Foto: Pål Berg Mortensen / NRK

Kan vera problem med konstruksjonen

– Det er eit under at ingen personar blei trefte av bitar som fauk gjennom lufta, seier Per Gram om ulukka.

Han har mange års erfaring som pilot, og var med i utvalet justisminister Knut Einar Dørum i 2002 sette ned for å sjå på kva helikopter som kunne ta over som redningshelikopter. Valet falt på AW 101, dette var også Gram sin personlege favoritt.

– Eg fekk fly maskinen og taksa på bakken. Då får du eit inntrykk av korleis den er å svinga med og kor tyngdepunktet ligg. Eg fann ingen problem i så måte, men som med andre helikopter er dei topptunge, fortel han.

Per Gram

EKSPERT: Per Gram er ein erfaren pilot og luftfartsbloggar. Han sat i eit utval som skulle sjå på kva helikopter som kunne erstatta Sea King i den norske redningstenesta.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Han blei svært overraska då han fekk høyra at det første helikopteret som blei levert hadde velta, og at det hadde vore fleire liknande hendingar. Nå reknar han med at ingeniørane og teknikarane hos leverandøren Leonardo helicopters ser nøye på kva det er som har skjedd.

Han meiner spesielt det er ein ting dei bør sjå på.

– Ein må jo vurdera om hovudhjula står for nære kvarandre. Det kan henda at understellet må utvidast litt for å få meir balanse i helikopteret, for det eg veit, seier han.

To fenomen

Han forklarer også at det vanlegvis er ein av to årsaker til at helikopter som står på bakken med rotorblada i gang kjem i ubalanse og veltar.

– «Dynamic rollover» er eitt fenomen som kan få helikopter til å velta, det er gyroeffekten som kan føra til ubalanse. Så har du fenomenet bakkeresonans. Helikopteret byrjar å rista litt, så ristar det plutseleg veldig og så kan helikopteret havarera der og då, seier han.

Han er likevel sikker på at havarikommisjonen vil finna svar på nøyaktig kva det var som skjedde, med tanke på at dei kan snakka med folka som var i cockpiten og har tilgang på ferdsskrivaren.

Kva helikopterulukka får å seia for Forsvaret si bestilling av seksten nye redningshelikopter er framleis uvisst.