Store delar av årets budsjett til slike behandlingsplassar er alt brukt opp på dei 28 klientane som alt er i behandling.
Det betyr at det ennå er mange ledige gjesteplassar på Juvåsen i Suldal, fordi det ikkje er pengar til å bruka plassane.
Magnhild Eia, som er leiar i utval for helse- og sosiale tenester, håper at dei som søker kan få plass hos institusjonar som fylkeskommunen har driftsavtale med.
Dei siste åra har imidlertid fylkeskommunen måtta utvida budsjettet til behandling av rusmisbrukarar, og Eia ser ikkje vekk frå at det kan bli naudsynt også i år.