Hopp til innhold

FK Haugesund: – Me skal ikkje ha ein «fancy» stadion

Etter tre sesongar i eliteserien med dispensasjon, startar FK Haugesund neste sesong med ny og oppgradert stadion. – Det viktigaste er at den er nøktern og funksjonell, seier Arne Christian Mohn frå selskapet som skal byggja stadion.

FK Haugesund

Med sin gode heimestatistikk er FK Haugesund vande med å jubla på Haugesund stadion. Til neste vår vil det vera ein ny og forbetra stadion dei eventualt får jubla på.

Foto: Jan Kåre Ness / Scanpix

Det var kommune saman med klubben, som i dag kunne avsløra at pengane til ny Haugesund stadion nå er på plass.

– Dette er ein gledens dag. Me har sikra oss finansieringa me treng for ny stadion, seier ein svært nøgd Kåre Johannes Lie. Han representerar FK Haugesund i selskapet, som er oppretta saman med kommunen for å ta seg av det nye stadionprosjektet.

Den største endringa vil vera at stadion vil romma 2500 nye tilskodarar på ein heilt ny tribune.

– Ikkje ein «fancy» stadion

Men både klubben og kommunen er klare på at prosjektet ikkje skal vera for ambisiøst, og at det ikkje skal vera avhengig av at Haugesund må overleva i eliteserien.

– Me skal ikkje ha ein «fancy» stadion, den må vera nøktern og funksjonell, seier Arne Christian Mohn, som representerar kommunen i selskapet HKFKH AS.

(Artikkelen held fram under bilete.)

Haugesund stadion

Haugesund stadion må vera nøktern og funksjonell, meiner Arne Christian Mohn, som representerar kommunen i selskapet HKFKH AS.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

Når årets sesong er ferdig går byggearbeidet i gang. Og målet er å vera ferdig innan fløyta går for avspark sesongen 2013.

Då skal grasmatta ha blitt flytta meir aust, løpebanen vera vekke og det skal vera undervarme i graset.

Meir om Haugesund stadion:

2500 nye sitjeplassar

Dessutan er planen å få på plass ein heilt ny tribune på vestsida. Denne skal innehalda kontor for klubb og presse, i tillegg til VIP-fasilitetar. Tribunekapasiteten vil med dette auka med 2.500 nye seter. I dag rommar tribunen 5000. Austre tribune skal også bli oppgradert.

Det er Sparebanken Vest og Haugesund sparebank som har gitt lån på 150 millionar kroner til prosjektet. FKH går sjølv inn med seks millionar og Haugesund kommune går inn med fire.

Etter tolv kampar spelt i årets eliteserie ligg Haugesund på ein sterk tredjeplass på tabellen.