Hopp til innhold

Gullballvinnaren frå 2009 er lei av fotball

Cecilie Pedersen er teken ut til den norske landslagstroppen som skal møta Nederland og England neste veke, men ho er lei av fotball. Motgang i klubben Avaldsnes gjer at ho vurderer å leggja opp.

cecilie pedersen

Her jaga Cecilie Pedersen Nederlands Manoe Meulen (t.h.) under VM-kvalifiseringskampen mellom Norge og Nederland på Nadderud stadion i Bærum, 24. oktober 2009.

Foto: Lien, Kyrre / Scanpix

Cecilie Pedersen

Her fekk Cecilie Pedersen Gullballen i 2009.

Foto: Heiko Junge / Scanpix

Sjølv om Pedersen har eitt år att av kontrakten si med Avaldsnes, har ho ikkje møtt opp på treningar med klubben på to månader, skriv Haugesunds Avis.

Konflikt med Avaldsnes

Dette skal skuldas ei konflikt ho er i med klubben, som ho ikkje vil utdjupa noko særleg:

– Det har vore episodar som ikkje har vore særleg bra, seier ho til avisa.

Ho skal mellom anna ha blitt nekta å trena med G19 laget til Skjold på grunn av at den tidlegare Avaldsnestrenaren Lotfi Lazaare er trenar i denne klubben.

– Klarar meg fint utan fotball

I desember takka Cecilie Pedersen munnleg ja til klubben Arna-Bjørnar, men Avaldsnes har tvihaldt på landslagspelaren frå Førde i Sveio.

Pedersen er frustrert over tida dette har teke, og seier at dei to månadane ho nå har vore vekke frå fotballen har gitt meirsmak:

– Eg har vore vekke i to månader nå, og det freistar ikkje å koma tilbake. Eg klarar meg fint utan fotball, seier ho.

Eitt år sidan Gullballen

Dette kjem omlag eitt år etter ho som 19-åring mottok Norsk fotballs grommaste pris: Gullballen.

Den daglege leiaren i Avaldsnes IL, Nordvald Kaldheim, ser på det heile som ei personalsak han ikkje vil kommentera saka.

Cecilie Pedersen
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Sjå video frå Gullball-utdelinga.

Video nsps_upload_2009_10_21_16_47_15_4406.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Cecilie Pedersen i EM.