Aktor meiner 30 dagar bør vere utan vilkår.
Det vekte oppsikt at aktor, politiadvokat Øivind Bore, i prosedyren påsto at 49-åringen måtte frifinnast frå tiltalen som gjekk ut på at han skulle ha slått Frp-politikar Trygve Hagland. Bore seier bevisa ikkje var gode nok og at det var ord mot ord i retten.