Her reiser meir enn 10.000 personar med toget kvar dag

Passasjerveksten på Jærbanen held fram etter dobbeltsporet kom i slutten av 2009. – Kurva har vore bratt, seier ein nøgd Dag Brekkan i NSB.

Sandnes stasjon

JÆRBANEN: Etter dobbelsporet mellom Sandnes og Stavanger blei tatt i bruk desember 2009 har talet på togreisande auka med 32 prosent. Auken på heile Jærbanen har vore på 15 prosent i same treårsperiode.

Foto: Hallvard Nygård / Wikipedia
Dag Brekkan

Dag Brekkan er sals- og marknadsansvarleg for NSB Riks Sørlands- og Jærbanen.

Foto: Øivind Eskedal/NRK

Han er ikkje i tvil om at investeringa på 2,2 milliardar kroner for å få dobbel toglinje mellom Stavanger og Sandnes var ei god investering.

– Den kraftige veksten i talet på reisande snakkar for seg sjølv, dobbeltsporet har utan tvil vore ein suksess, seier sals- og marknadsansvarleg i NSB for Jærbanen, Dag Brekan.

Fire prosent vekst i 2012

I dag kunne han for tredje år på rad leggja fram tal som syner ein solid vekst i året som har gått. Passasjertellingane frå 2012 syner at auken har vore på om lag fire prosent i forhold til tilsvarande telling hausten 2012.

– Dette vil sei at ein plass mellom 2.500 og 3.500 fleire i år nyttar seg av Jærbanen mellom Egersund og Stavanger enn i fjor, seier Brekkan.

Dermed har passasjertalet på Jærbanen gått opp med 15 prosent etter dobbeltsporet kom. Ser ein på togstrekket mellom Stavanger og Sandnes har auken vore på 32 prosent.

Årets vekst har likevel vore mindre enn dei tidlegare åra. Dette trur Brekkan kan skuldast arbeid på toglinja og buss for tog på kveldstid.

– Dette har kanskje ført til at folk har ordna seg alternativ transport begge vegar, seier han.

Mogleg å utvida rutetilbodet

Han meiner at det ikkje er grunn til å tru at veksten skal stoppa opp i nærmaste framtid.

– Infrastrukturen me i dag har på Jærbanen, gjer det mogleg for oss å utvida rutetilbodet endå meir. Likevel trur me den største suksessformelen er å vera punktlege, i år har prosenten på punktlege tog vore på heile 95 prosent.

Han meiner dette er ekstra bra med tanke på utfordringane som har vore med harde vêrforhold så langt i vinter.

Brekkan legger til at det i dag reiser om lag 76.000 passasjerar i veka på Jærbanen.