Hopp til innhold

Familie på juleferie då huset blei tent på

Klokka 02.30 i natt rykka naudetatane i Haugesund ut til eit hus som stod i fyr. Politiet fryktar nå at ein brannstiftar går laus.

Husbrann i Haugesund

Brannen i Skjoldavegen starta i kjellaren, og spreia seg vidare til første etasje.

Foto: Jan Kåre Ness

– Me har gjort funn på branntomta som tyder på at det er nokon som har sett fyr på huset, seier operasjonsleiar Jarle Utne-Reitan i Haugaland- og Sunnhordland politidistrikt.

Det var klokka 02.30 dei fekk melding om eit hus som brann i Skjoldavegen i Haugesund. Like ved gamle Haugaland billag.

Familien på juleferie

Brannvesenet fekk raskt kontroll på brannen, som truleg har starta i kjellaren og spreia seg til første etasje. Naboar blei bedne om å lukka vindauge og ventilar på grunn av mykje røykt.

– Huset blei søkt gjennom og det var tomt for folk. Familien som bur der er truleg på juleferie, seier Utne-Reitan.

Det skal vera snakk om ein familie med to vaksne og to barn. Politiet har framleis ikkje kome i kontakt med dei.

Vil ha tips frå publikum

Politiet, som fryktar at ein brannstiftar går laus i Haugesund, er i full gang med etterforskinga.

– Me har gjort fleire avhøyr av personar i området, seier operasjonsleiaren.

Han legg til at dei svært gjerne vil koma i kontakt med folk som har sett eller høyrt noko i dette området rundt klokka 02.25 natt til andre juledag. Klokka 07.45 hadde ikkje politiet mistenkte i saka.

Samstundes undersøker dei også branntomta nærmare.

– Me har framleis vakthald på branntomta. Etter kvart skal kriminalteknikarar frå politiet gjera undersøkingar som me håper vil gi eit svar på kva det er som har skjedd, seier Rune Plassen, som klokka 08.00 har teke over som operasjonsleiar i politidistriktet.

Skjoldavegen