NRK Meny
Normal

Partinomaden

Han stiller til valg som ordførarkandidat for Samlingslista, men er ennå Krf-medlem.  .  Tidlegare har han vore ordførar for Høgre.  Møt ein av partinomadane i politikken i Rogaland. 

Jan Mikal Hanasand er ein omstreifar i partipolitikken i Rennesøy.  Men om han drar frå parti tl parti er han aldri så langt vekke frå sentrum. 

Jan Mikal Hanasand, ordførerkandidat for Samlingslista i Rennesøy

Jan Mikal Hanasand, ordførerkandidat for Samlingslista i Rennesøy

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Bølger har det likevel blitt mange av i løpet av den politiske karriera hans.  Både politiske og nå i den seinare tid også av anna slag.

- Eg er nok eit politisk menneske, seier Hanasand.  Det kriblar rett og slett for mykje i meg til at eg kan la vera å delta i politikken. 

Høgrekarriera

For 12 år sdan gjorde Høgre eit kjempevalg i Rennesøy.  Dei lova å ikkje slå saman grendaskulane og tente godt på det på valgdagen.  Partiet fekk fem representantar i kommunestyeret og Jan Mikal Hanasand blei ordførar.

Kort tid etter valget så delte imidlertid gruppa seg.  Tre av dei fem gjekk inn for nedlegging av skular likevel, då saka kom opp.  Hanasand sto på mindretalte si side.  Resultatet vart ein vanskeleg periode for partiet og Hanasand melde seg ut av Høgre etter dette.

Forsikringssvindel

I 2004 blei Jan Mikal Hanasand anmeldt for forsikringssvindel i samband emd tomatproduksjonen på garden sin. Hanasand nekta for skuldingane, men han måtte seie frå seg fleire verv medan etterforskinga pågjekk.  Saka blei lagt til sides av politiet hausten 2006 og det blei aldri noko tiltale ut av det.

Jan Mikal Hanasand framføre huset sitt

Jan Mikal Hanasand på garden på Hanasand

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

- Det var ei tung tid medan det pågjekk, men desto betre å oppleva at eg hadde rett og at det ikkje var noko i skuldingane, seier Hanasand i dag.

Inn i Krf

Etter tida i Høgre, melde Hanasand seg inn i Kristeleg folkeparti.  Der var han medlem utan å vera svært aktiv politisk.

Framføre dette valget var det mange som ville ha han høgt opp på lista, men det endelege resultatet blei tilbod om ein posisjon langt nede på Krf-lista.

Tid for Samlingslista

Så då tilbodet kom om topp-plasseringa på den tverrpolitiske Samlingslista, slo Hanasand til på det.

Nå er han ordførarkandidat for Samlingslista, men samstundes medlem i Krf.

Heilt i orden for Krf

Ordførarkandidaten for Krf, Ørjan E Omdal, har ikkje noko imot at Hanasand både er Krf-medlem og samstundes listetopp for Samlingslista.

- Visst Samlingslista vil drive Krf-politikk så er det heilt greitt for oss, seier Omdal.  Men han legg til at han oppmodar veljarane om å stemma på den orginale Krf-lista.