Hopp til innhold

PARKERINGSVAKT SLÅTT NED:

Ein parkeringsvakt frå Q-Park blei i ettermiddag slått ned av ein taxisjåfør utanfor Stavanger universitetssjukehus. Parkeringsvakta skal ha bedd taxisjåføren om å flytta seg sidan han stod på ein parkeringsplass som var reservert for ambulansen utanfor blodbanken. Dette resulterte i at parkeringsvakta blei slått ned – saka er meld til politiet som etterforskar saka. Dei har framleis ikkje fått fatt i taxisjåføren.