Hopp til innhold

Parkeringshindring er viktigast

Det er nødvendig å hindre privatbilbruken, for å få jobbreiser med bil over på kollektivtrafikk. - Det er erfaringa frå Bergen, seier bybanesjefen der.

Bybanen i Bergen fraktar dagleg 25.000 passasjerar.

Bybanen i Bergen frakta 25000 passasjerar kvar kvardag, første halvår 2012

Bybanen i Bergen har fått talet på kollekivreiser i Bergensområdet til å auka med over 20 prosent. Det har skjedd på to år, etter at banen opna sommaren 2010.

– Men for å få opp talet på dei som reiser kollektivt, så er det viktigaste grepet å innføre parkeringsrestriksjonar. Det seier konstituert direktør i Bybanen AS i Bergen, Ivar Gubberud.

Ivar Gubberud, konstituert direktør Bybanen AS i Bergen

Ivar Gubberud, konstituert direktør Bybanen AS i Bergen

Foto: Ingvald Nordmark / Nrk

– Er det parkeringsplassar så vil folk velge privatbilen, men biltrafikk er ikkje lengre eit alternativ når det ikkje lengre er parkeringsplasser dit du skal. Og parkeringsplassar på gateplan eksisterer omtrent ikkje lengre i Bergen, seier Gubberud.

Løysinga er bybane

På Nord-Jæren er det mange politikarar som hevdar at det er nødvendig å byggje bybane for å få nettopp dei som brukar privatbil til jobb over på kollektivtrafikk. Tanken er at desse ikkje vil setja seg på ein buss, men at dei kan godta ei baneløysing.

- I Bergen nyttar alle grupper i befolkninga bybanen, seier Gubberud. Det gjeld også dei som stiller i dress og i drakt.

Passasjerer på Bybanen i Bergen

Alle typar menneske nyttar bybanen i Bergen

Foto: Ingvald Nordmark / Nrk

Men det er når ulempene blir større enn fordelene, at dei arbeidsreisande lar bilen stå. Det kan vera at banen fører dei nærare arbeidsplassen enn næraste parkeringshus, men det kan også vera at prisen å betala blir for høg, når bompengar, parkeringshus og bilkø blir lagt i saman.

Ellers er Gubberud opptatt av at bybanen i seg sjølv blir sett på som stadig viktigare av bergenserane.

- Bergensarane elskar Bybanen fordi: den er forutsigbar, stillegåande og miljøvenleg. Og den har etter berre to år ført med seg opprusting og positiv utvikling i både bustad og næringsbygg langs trasèen, opplyser han.

Alternativ til bilen

Atle Johannesen brukar bybanen fordi han synes det blir for komplisert å dra med bil inn til Bergen sentrum.

- Når eg har ærend i byen slik som i dag, så brukar eg gjerne banen fordi eg då slepp trafikale problem, seier han.

Stor vekst

Konstituert direktør i Bybanen AS, Ivar Gubberud opplever at bybanen i Bergen er rekordpopulær. Ifølge prognosane skulle det reise 26 000 passasjerar dagleg på kvardagar i 2015.

Trafikktala på kvardagar i november 2011 viser at Bybanen hadde over 28 000 passasjerar og i september 2012 var det mest 30.000.

- Det ser ut til å bli ei trafikkauke på om lag 10% kvart år, seier Gubberud..