Hopp til innhold

Fleire hundre tonn pallar stod i full fyr

Brannvesenet var ferdig med sløkking og ettersløkking av pallebrannen i Gauselvågen i Stavanger klokka 03.15 i natt. Store mengder røyk steig opp, og naboar vart rådde til å lukka att vindaugo.

Store mengder røyk stig opp frå Gauselvågen torsdag kveld. Årsaka er brann i ein svær haug med pallar.

SJÅ VIDEO: Haugen med pallar som står i fyr er 50 gonger 40 meter, og åtte meter høg. (Foto: Ronny Hjertås)

Brannvesenet fekk melding om brannen i Gauselvågen i Stavanger klokka 17.15.

Brann på Gausel

Det brenn godt hos Norsk gjenvinning i Stavanger.

Foto: Ronny Hjertås
Brann på Gausel

Det kjem mykje røyk frå brannen på Gausel.

Foto: Erik Waage / NRK
Brann på Gausel

Det vil ta fleire timar før brannen er heilt sløkt, opplyser brannvesenet klokka 19.45.

Foto: Erik Waage / NRK

– Det brenn i ein stor haug av pallar og trevirke, som er inne til resirkulering. Brannen er veldig heftig akkurat nå, men me jobbar med sløkking og avgrensing, seier innsatsleiar på staden, Vidar Olsen, i politiet.

To og ein halv time seinare melder brannvesenet at brannen er under kontroll, men at det likevel vil ta fleire timar å sløkka brannen.

Det er hos bedrifta Norsk gjenvinning det brenn i ein haug med 200 til 300 tonn trevirke. Det har kome folk frå bedrifta som er i gang med å få vekk trevirke som framleis ikkje brenn.

Siste: Brannvesenet var ferdige på staden klokka 03.15 i natt.

– Lukk vindaugo

NRK har blitt kontakta av naboar som er urolege på grunn av store mengder røyk.

– Røyken syner over store avstandar, men ingenting tyder på at røyken er til fare for folk slik vindretninga er nå. Folk i nærleiken bør likevel stenga vindaugo sine, seier Olsen.

Han legg til at det ikkje er fare for at brannen skal spreia seg til nabobedrifter.

Vil ta tid å sløkka

Brannbåten Vekteren har kome til i vågen, og er i gang med sløkkearbeid.

Klokka 19.00 opplyser politiet at det vil ta tid å sløkka brannen, som er på 40 gonger 50 meter, og åtte meter høg.

Dette er ikkje første gong det brenn på dette gjenvinningsanlegget, og naboar har tidlegare uttrykt uro på grunn av hyppige brannar.

Store mengder røyk stig opp frå Gauselvågen torsdag kveld. Årsaka er brann i ein svær haug med pallar. Klokka 19.45 melder brannvesenet at dei har kontroll på brannen.

NRK-reporter Magnus Stokka rapporterte frå brannen.

– For tidleg å sei noko om årsak

Hans Henrik Torgersen er kommunikasjonsdirektør i Norsk gjenvinning Norge AS. Han fortel at dei blei varsla tidleg om brannen.

– Me hadde ein tilsett på jobb då brannen starta, han hjelpte brannmannskapet då dei kom på plass.

Kjenner du årsaka til brannen?

– Det er alt for tidleg å sei noko om årsak nå. Etter dei opplysingane me har, skal det ikkje ha vore aktivitet med maskinar rundt denne pallehaugen i dag. Det viktigaste nå er at me hjelper brannvesenet, og at brannen blir sløkt, seier Torgersen.

Han kan opplysa om at dette er fjerde gong det brenn på anlegget på Gausel, sidan januar 2013.

Sjølv om han ikkje kjenner brannårsaka til brannen i dag, seier han at Norsk gjenvinning ikkje kan vedkjenna seg så mange brannar.

– Sidan 2013 har me jobba svært fokusert på branntryggleik, men det hjelper sjølvsagt ikkje når det brenn i dag. Me må framleis jobba med dette, seier han.

Gausel brann