NRK Meny
Normal

Etterlyst russar pågripen etter Dale-drapet

Ein 17-åring som var etterlyst etter drapet på Dale asylmottak blei i dag pågripen. Politiet vil avhøyra den arresterte tsjetsjenaren om kort tid.

Dale asylmottak

DALE: Onsdag 15. februar blei ein tenåring drepen utanfor Dale asylmottak.

Foto: Ole-André Lagmandokk / NRK

Tre er no pågripne, medan ein fjerde framleis er etterlyst etter drapet på Dale asylmottak på onsdag

Politiet bad i dag om varetektsfengsling av to – ein mann på 21 og ein gut på 17 i fire veker. Fengslingsmøtet skjedde bak lukka dører i Jæren tingrett i Sandnes.

17-åringen blei i ettermiddag varetektsfengsla i to veker med full isolasjon. Dei er begge sikta for å vera involverte i drapet på ein tenåringsgut frå Iran ved Dale asylmottak onsdag kveld.

Stavanger tingrett meinte at det ikkje var rimeleg grunn til mistanke av 21-åringen, og meinte at han ikkje trong å bli varetektsfengsla. Politiet anka dette, dermed blir han sitjande til lagmannsretten kan ta stilling til fengslingsspørsmålet på måndag.

– Frustrert

Begge er russiske statsborgarar med tsjetsjensk opphav, og blei arresterte natt til torsdag og natt til fredag.

21-åringen nektar straffskuld, ifølgje advokaten hans Ørjan Eskeland.

– Han er frustrert og seier at han sit der for noko han ikkje har gjort, seier Eskeland.

– Har han ei meining om kvifor politiet har kopla han til drapet?

– Nei, det forstår han ikkje, seier advokaten til NRK.no.

Jæren tingrett

JÆREN TINGRETT: Med omsyn til etterforskinga i saka og tryggleiken, blei fengslingsmøta som byrja klokka 12.30 i dag halde bak lukka dører.

Foto: Arild Eskeland / NRK

Politiet etterlyser vitne

I tillegg til dei to russarane, har politiet etterlyst to andre tsjetsjenarar, som dei siktar for medverknad til drapet. Ein av dei to, ein 17-åring, blei pågripen laurdag.

– Me etterforskar framleis, og saka er langt frå oppklart. Det er sterkt behov for å finna ut kva som har skjedd, og for å koma i kontakt med personar som kan ha informasjon relatert til ugjerninga, seier politiinspektør Bjørn Andersen.

Med omsyn til etterforskinga og tryggleiken bestemde retten at fengslingsmøtet i dag skulle gå bak lukka dører.

I forkant av fengslingsmøtet blei siktinga endra til å dreia seg om medverknad til drap, og ikkje medverknad til legemsskading med døden til følgje.

– Fare for trugslar

Det var politiadvokat Geir Magne Torvestad som bad om lukka fengslingsmøte, og i rettskjenninga står det følgjande:

«Det er vist til den store aksjonen som blei sett i gang 16. februar i samanheng med at ei gruppe personar var på veg til Dale asylmottak. Vidare er det vist til at den spente stemninga om moglege hemnoppgjer fører til auka fare for tap av bevis».

Forsvararane til dei to sikta sette seg ikkje imot dette, og retten kom til at eit lukka møte ville vera det beste.

Faren for påverknad i form av beskjedar og trugslar var eitt av argumenta.

Knivdrap ved Dale asylmottak i Sandnes

DALE ASYLMOTTAK: Det var utanfor Dale asylmottak i Sandnes ein iransk tenåring blei drepen. Drapet skjedde truleg i samanheng med ein fotballkamp.

Foto: Ronny Hjertås

– Redde for å snakka

Politiet har mellom 25 og 30 tenestemenn som arbeider med etterforskinga av saka i helga, og vakthald ved fleire asylmottak i distriktet.

Årsaka er fare for hemnoppgjer etter drapet som skjedde denne veka.

Politiet opplever etterforskinga som kompleks sidan det er mange nasjonalitetar involverte, og mange er folk som ventar på å bli sende ut av landet.

– Mange er redde for å snakka med politiet, dei trur at dei då kan bli sende heim, seier Arna Leidland som er mottaksleiar ved Dale asylmottak.

I dag skriv Rogalands Avis at politiet berre har fått inn eitt tips i saka, i løpet av dei tre dagane som har gått etter tenåringsguten blei drepen.