Hopp til innhold

– Folk spør oss kor seglet er

Det har blitt fleire og fleire oppreiste padlarar langs jærstrendene. – Den nye treningsforma «stand up paddle» passar for absolutt alle, seier entusiasten, Jørgen Michaelsen.

Video 331cb3ae-095f-4a18-b40e-568abe128aa5.jpg

VIDEO: Jørgen Michaelsen og venane hans opplever at fleire og fleire kastar seg på brettpadling langs strendene på Jæren. Innslaget er frå Hellestø. (Foto: Kirsti Wilhelmsen)

Jørgen Michaelsen

Alder er ikkje eit hinder for å driva med brettpadling, seier Jørgen Michaelsen.

Foto: Kirsti Wilhelmsen / NRK

I staden for å sitja i ein kajakk, padlar dei ståande på eit surfebrett.

«Stand up paddle» er ukjend for mange, men passar for dei fleste meiner ein av dei ivrigaste på jærstrendene, Jørgen Michaelsen.

Må kunna stå på føtene

– Det spelar ingen rolle om du er ung eller gamal. Alt du treng er ei helse god nok til at du kan stå oppreist på to bein. Elles er det berre til å setja i gang med padlinga, seier Michalsen.

Det er om lag 700 aktive brettpadlarar i Norge, men det blir stadig fleire.

Treningsforma blei utvikla på 60-talet i Hawaii. Folk byrja å stå oppreist på surfebretta sine for å ta bilete av andre surfarar frå ein høgare vinkel.

Nå har idretten breia om seg over heile verda, også kjendisar som Julia Roberts, Sting og Rihanna har kasta seg på bølgja.

Stand up padling

Ein oppreist padlar på Hellestø på Jæren.

Foto: ekstrmfoto.no

Saknar seglet

Men trass den aukande populariteten er det ikkje alle som heilt forstår kva Michaelsen og venane hans held på med ute i sjøen.

– Ein del båtførarar køyrer bort til oss og roper; hei, har du mista seglet, fortel Michaelsen og ler.

Dei trur nemleg dei har støtt på ein brettseglar, utan segl på brettet. Dag Ivar Øydegard har også opplevd at folk har spurt han om det ikkje er for lite vind til å vera ute på brettet.

Dei er begge godt vaksne, men meiner at det ikkje er ei hindring for å driva med idretten.

– Eg byrja med brettpadling sidan eg alltid har heldt på med vassport som vasski, seglbrett, kite og surfing. Dette er fint å halda på med når det ikkje bles, det er også god trening og du får surfa når bølgjene kjem, seier Øydegard.