Hopp til innhold

På sporet av Stavanger-ranaren

Politiet i Rogaland jaktar nå ein mann dei meiner står bak ransforsøket i Sandnes og ranet i Stavanger for to dagar sidan.

Brankran i Stavanger

Bankranaren var kledd i MC-klede då han rana SR-Bank i Stavanger sentrum onsdag føremiddag.

– Me meiner at gjerningsmannen er identifisert, og ser nå etter moglege plassar der han kan vera. Dersom me finn han vil han bli pågripen, seier politiinspektør i Rogaland politidistrikt, Magnus Jåtun til NRK.no.

Politiet ved banken

Politiet er på plass med krimteknikarar på ei av adressene i Sandnes.

Foto: Ronny Hjertås

Det var på onsdag ein mann først prøvde å rana ein pengetransport i Sandnes, ranet blei ikkje fullbyrda, men ransmannen sleppte unna. Like etter kom det melding om ran av SR-banken i Stavanger sentrum, og politiet meiner det er same person som står bak begge rana.

Leiter på konkrete adresser

Politiet har konsentrert søket sitt i Sandnes, men leiter også utanfor kommunen.

– Kvifor meiner de at gjerningsmannen er identifisert?

– Me har brukt informasjonen me har fått på onsdag og torsdag, i tillegg til andre bevis som me har sikra. Det er med grunnlag i dette me meiner me har identifisert gjerningsmannen, seier Jåtun.

Politiet er nå ute og leiter etter mannen, og har konkrete adresser å gå etter.

– Om ein halv time veit me nok mykje meir, seier Jåtun til NRK.no klokka 11.50.

Like før klokka 13.00 er ingen personar tatt opplyser operasjonssentralen.

NRK.no kjem tilbake med meir i saka ...