Nå kan du snart spise norske jordbær hele året

På ein forskingsstasjon på Jæren blir det nå jobba med eit prosjekt som kan gi deg ferske norske jordbær på julaftan.

Jordbærtesting Nibio, Michel Verheul, Kaia Slågedal

Den beste måten å finne ut kva slags jordbær som er best er å smake på dei.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Det er framleis berre vår, og vanlegvis må ein sjå langt etter norske jordbær. Er ein veldig heldig så kjem det kanskje nokon allereie i mai.

Men på Særheim forskingsstasjon på Klepp er det heilt andre forhold.

– Me har hatt jordbær her til jul, det har ikkje vore noko problem, seier Michel Verheul.

Han er forskar i Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio), og står bak forskingsprosjektet som først blei omtalt i Stavanger Aftenblad.

Jordbær i bomberom

I det om lag 200 kvm store drivhuset på Klepp blir det plukka rundt 17 kilo jordbær kvar dag. I tillegg dyrker dei også jordbær i et isolert rom utan vindauge.

– Her kan me dyrke jordbær utan sollys, berre med ledlys. Dette kan bli brukt midt i byen i nedlagde bomberom, til dømes. Det blir kortreist mat, seier Verheul.

Framtidens drivhus. Nibio Særheim jordbærdyrking. Michel Verheul

Ledlys gjer at nedlagde bomberom kan vere aktuelle for jordbærdyrking.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Det er altså moderne ledlysteknologi, som gjer det mogleg å hausta jordbæra også om vinteren. I tillegg til at importert plantemateriale til at jordbærproduksjon vart mogleg for nokre år sidan, og det sikrar god avling.

– Men teknologien med ledlysa har forbetra seg dei siste åra, og lampane blir stadig billigare. Det gjer det lettare å setje i gong med eit slikt produksjonssystem, seier Verheul.

Må smaksteste

Kaia Slågedal, Nibio

Sidan lys er ei avgrensa faktor i norsk planteproduksjon, så har Nibio set i gong eit forsøk med ledlys. Her er Kaia Slågedal godt i gong med dagens hausting.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Temperatur og lyssetjing er altså veldig viktig for at jordbæra skal bli så gode som dei norske jordbæra er. Men det er langt ifrå det einaste.

Overingeniør i Nibio, Kaia Slågedal, jobbar mellom anna med å telje og vege bæra, i tillegg til å teste sukker- og syreinnhald. Og sist, men ikkje minst, må ho smake på dei.

– Det er ein fin arbeidsoppgåve det. Dei er veldig gode, seier Slågedal som jamleg med sine kollegaer held smakstestar.

Lite energikrevjande

Gartnarar rundt omkring følgjer med på forskinga, seier Verheul.

Simen Myhrene i jordbærtunell

– Me et jo jordbær året rundt, så det er absolutt ein marknad for det, seier dagleg leiar i Myhrene AS, Simen Myhrene, om å dyrke norske jordbær heile året.

Foto: Cecilie Valentine Brekke / NRK

Simen Myhrene hos Myhrene AS i Lier er ein av dei. I år er han bekymra over for lite arbeidskraft, til sesongen som plar å ende opp i 350 tonn jordbær. Sesongen hans er frå mai-september, men han trur nok det kan bli aktuelt med jordbær året rundt hos han òg.

– Den nye ledlysteknologien er mykje meir effektiv. Eg såg på det for ein del år tilbake, men det var ikkje lønsamt då. No er det andre føresetnader. På eit tidspunkt vil det kome eit skjeringspunkt mellom det økonomiske og teknologiske.

Og sjølv om det er ledlys som spelar hovudrolla i forskinga, så er ikkje produksjonen særleg energikrevjande, meiner Verheul. For å samanlikna peiker han på bæra me får av Spania og Nederland.

– Spania har lang transportavstand, og i Nederland dyrkar dei jordbær ved å brenne naturgass. Utslepp av klimagass ved produksjon i Noreg ved hjelp av ledlys er sannsynlegvis lågare enn utslepp av klimagass ved import av jordbær. I tillegg har dei ikkje same smak som me får her.

Michel Verheul, forsker Nibio

Forskar Michel Verheul seier at folk har vore skeptiske til produksjonen, men endra meining då dei fekk smake på jordbæra sjølv.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Men det er dei importerte bæra me er vande med resten av året. Norske jordbær har jo alltid vore ein sesongvare, og høyrer liksom sommaren til. Vil det då bli det same å ete dei på den kaldaste vinterdag? Verheul trur ikkje folk vil takke nei til det.

– Det er veldig fint å ha jordbær om sommaren, men kvifor ikkje nyte den gode smaken heile året?