Hopp til innhold

– Fantastisk å bli ein del av samfunnet igjen

Han har stått utan jobb i nesten eitt og eit halvt år. Men ein praksisplass har fått Jon Gudmundsson ut i arbeidslivet igjen.

Gudmundsson kontor

Jon Gudmundsson er tilbake på eit kontor, for første gong på eitt og eit halvt år.

Foto: Kjersti Hetland / NRK

– Eg gler meg til å koma ut og bidra med noko til samfunnet, seier Jon Gudmundsson.

Han har fått ein praksisplass ved bedrifta Ecofiber i Stavanger, og skal vera der i tre månadar.

Vanskeleg utan jobb

Då han mista jobben i ei oljerelatert bedrift i desember 2014, trudde han berre det skulle bli snakk om ein litt lang juleferie.Men å få ein ny jobb skulle visa seg å bli vanskeleg i desse nedgangstider, sjølv om han er utdanna jurist og har lang arbeidserfaring.

Jon Gudmundsson

Jon Gudmundsson blir møtt med kake av sjefen, Kjell Inge Svendsen, første dag.

Foto: Kjersti Hetland / NRK

– Det har vore tøft. Eg har gått i kjellaren fleire gonger. Det som har hjelpt meg er at eg har hatt familie og venner rundt meg, som har støtta meg og heia på meg, seier Gudmundsson.

Fleire i Rogaland er i same situasjon. Talet på langtidsledige har auka med over 100 prosent i fylket det siste året.

Og auken har vore stor ikkje minst blant dei med høg utdanning.

Fleire få jobb med praksisplass

I NAV ser dei at praksisplass er eitt av dei beste verkemidla for å få dei langtidsledige ut i jobb igjen.

Truls Nordahl

Direktør i NAV i Rogaland, Truls Nordahl, meiner praksisplass er eit godt tiltak for å få folk ut i jobb.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Det å koma ut i ei bedrift, og få vise kva slags kompetanse ein sitt på, det trur me er det som lettast fører til jobb. Me ser òg på statistikken at om lag 50 prosent av dei som har hatt praksisplass, får jobb, seier direktør i NAV i Rogaland, Truls Nordahl.

Men å få nok praksisplassar er utfordrande når mange bedrifter i privat sektor nedbemannar.

– Det er mykje meir krevjande enn det var før. Det har vore mange nedbemanningar, og difor er skepsisen meir til stades, seier Nordahl.

God respons utanfor oljebransjen

Jon Gumundsson fekk hjelp av det nystarta Kompetansetorget ved Ipark i Stavanger. Dei har fått økonomisk støtte frå kommunen til å hjelpa høgt utdanna arbeidsledige med å finna praksisplass.

Torhild Kalstø

Torhild Kalstø er koordinator ved det nystarta Kompetansesenteret i Stavanger.

Foto: Kjersti Hetland / NRK

Målet deira er å gjera det enklare for bedrifter å ta inn praksiskandidatar, slik at fleire som Gudmundsson kan få hjelp til å koma seg ut i arbeidslivet igjen.

– Me har teke initiativet til ein dugnad, og håpar å få flest mogleg bedrifter med på å seia ja til å ta inn praksiskandidatar, seier koordinator i Kompetansetorget, Torhild Kalstø.

Eit nytt liv

Om praksisplassen ved Ecofiber endar i ein fast jobb for Gudmundsson, vil tida vise. Men når den første arbeidsdagen er over er han uansett svært begeistra.

– Det har gått veldig bra. Det er heilt fantastisk å koma seg ut og føla seg som ein del av samfunnet igjen.

– Eg gler meg berre til neste arbeidsdag, seier Gudmundsson.