– Det er rekordstort bål me har i år. Det som blei samla inn i fjor og i tillegg det som har kome til dette året.
Det fortel Nils Olav Opsanger, som bur i Makrellveien i bydelen Hundvåg i Stavanger. Litt ekstra tremateriale har folk kome med dette året også, men mesteparten har "overvintra".
– Så naboane har hatt mulighet til å beundra bålet eit heilt år, før det blei sett fyr på i kveld, seier Opsanger.
Flott bål
Julie Hellvik Wolden er seks og eit halvt år og står og kikkar på bålet.
– Det er fint, men det er litt for stort til å grilla pølser på, slår ho fast.
Les også:
– Har du fått pølser på spidd i kveld då?
– Ja, men dei åt me før me drog ned hit, seier Julie.
Og Julie veit kvifor me feirar Jonsok. Det er ikkje for å få ein sjanse til å grilla pølser.
– Nei det er fordi det er den lysaste dagen i året, slår ho fast.
Kappkjøring med trillebår
Nokre hundre meter lengre nord på Hundvåg, ved Sandvågen, er mellom hundre og to hundre menneske samla. Bålet blir først tent klokka 20, men før det er det leikar og aktiviteter for borna og for foreldra.
Tom Østbø kjører trillebår, med Celina på fem år oppi.
– Eg trur det blei uavgjort med dei eg konkurrerte med og når Celina fekk premie, så er både ho og eg veldig godt nøgd, seier han.
Både han og dei mange andre familiane som hadde møtt opp på arrangermentet skrytte uhemma av dei som hadde tatt seg bryet med å laga til ei skikkeleg St-Hans-feiring.
– Eg har ikkje vore med på å arrangera. Eg berre nyt godene. Men ein annan gong bør nok eg også trø til, seier han.