Hopp til innhold

Samla sjølv inn pengar til ny skuleveg

Foreldre på Bore i Klepp kommune er så misnøgde med skulevegen at dei arrangerer loppemarknad for å kunne utbetre den.

Ramona Melkevik

Ramona Melkevik stod i spissen for innsamlingsaksjonen.

Foto: Erik Waage

Det er ein bakke i skulevegen, som er stridens kjerne. Den er holete og i elendig tilstand ifølge foreldra, men blir brukt av om lag 200 elevar kvar dag.

Skolebakken, Bore

Skulebakken er farleg for ungane, meiner foreldra bak loppemarknaden.

Foto: Erik Waage

– Den er smal og det er holer i den og den er berre ubrukeleg, seier Ramona Melkevik.

Det er ho som saman med andre foreldre har tatt initiativ til å arrangere loppemarknad for å få gjort noko med vegen.

– Det er sparkesyklar og vanlege syklar og 200 elevar som skal ned den bakken kvar dag. Store og små går om kvarandre, som til tider krasjar borti kvarandre. Så det er ikkje særleg kjekt, seier Melkevik.

Langt igjen

Det var på laurdag at foreldra laga til loppemarknaden på skulen. Etter at dei fleste har gått heim sit Ramona Melkevik igjen med jobben å telja opp pengane.

Ramona Melkevik

Ramona Melkevik innser at dei ikkje kjem så langt med 15.000 kroner, men trur politikarane vil merke seg initiativet.

Foto: Erik Waage

– Kor mykje har du fått inn?
– Kanskje rundt 15.000 kroner, viss eg tippar rett.
– Og kor mykje hjelper det deg?
Ikkje så veldig, men kanskje me får tetta nokre hol.

Ein plan B

Melkevik legg ikkje skjul på at foreldra også hadde ein plan B med arrangementet. Det er å få politikarane til å reagera.

– Hadde dei vore her ville eg ha oppfordra dei til å ta ein tur ned bakken med sparkesykkel for å sjå kva ungane våre på 5–7 år gjer kvar dag, seier ho.

–Trur du dette vil ordna seg?
– På sikt gjere det nok det. For kommunen har sagt at dei vil gjera noko med bakken. Men me vil ikkje at det skal skje om nokre år. Me vil at det skal skje fortast mogeleg.
Så me får sjå. Me ventar i spaning.

Skolebakken

Det er gjort forsøk på å reparera hol i vegen, men resultatet er ikkje sparkesykkelvenleg.

Foto: Erik Waage