Hopp til innhold

På «audition» for å kapra seg jobb

– Det er litt uvant dette her, du må verkeleg selja deg sjølv, seier Marianne Rønneberg som står i kø for å fri til arbeidsgjevarar.

Fleire hundre møtte opp, og det gjekk føre seg i ekte «Idol-stil» då Norwegian Outlet inviterte jobbsøkarar på «audition» for stillingar i det planlagde storsenteret som opnar på Ålgård i april neste år.

VIDEO: Køen var lang av dei som ønska seg jobb hos Norwegian Outlet på Ålgård.

Fleire hundre møtte opp, og det gjekk føre seg i ekte «Idol-stil» då Norwegian Outlet inviterte jobbsøkarar på «audition» for stillingar i det planlagde storsenteret som opnar på Ålgård i april neste år.

Viktig å gjera inntrykk

– Eg laga dei med julefargar for å prøva å bli lagt litt ekstra merke til, fortel Marianne Rønneberg muntert, og kikar ned på ei raud og grøn CV-bunke ho har klar for friarrunden.

Anders Børseth

Anders Børseth leita etter folk til butikken sin.

Foto: Anders Fehn / NRK

Når kampen er hard så gjeld det å skilja seg ut. Fleire hundre møtte opp for å kniva om dei rundt 100 stillingane som skulle fyllast.

Dei enkelte butikkane var representerte med ein stand, der dei tok i mot søknadar og tok ein prat med dei som ville ha jobb.

Jobbmøte hos Norwegian Outlet

Så mange vil ha jobb hos Norwegian Outlet.

Foto: Morten Nesvik / NRK

– Det er litt uvant dette her, du må verkeleg selja deg sjølv. Men eg er ganske glad i å snakka, så det går greitt. Eg satsar på at det klaffar med ein av dei arbeidsgjevarane som er her i dag, seier Rønneberg optimistisk.

Leiter etter engasjerte folk

Det er ikkje vanleg for Norwegian Outlet å ha audition for jobbsøkarar, men før oppstart på Ålgård ville dei gjera noko spesielt for å få tak i søkarar, fortel Anett Kolstad, retailsjef for Norwegian Outlet.

Norwegian Outlet Anett Kolstad

Retailsjef Anett Kolstad ville prøva noko nytt når det nye senteret skal bemannast.

Foto: Anders Fehn / NRK

– I og med at Rogaland har det litt tøft for tida så meiner me dette kan vera positivt for mange av dei som er ledige og ønsker seg jobb. Difor samla me alle merkene for å høyra om dei ville vera med på dette, og det var dei positive til, fortel Kolstad.

– Me har opp til 200 stillingar som skal fyllast, men her i dag er det rundt 100 som skal fyllast. Alt frå butikksjefstillingar på 100 prosent, til mindre deltidsstillingar og ekstrahjelp, summerer retailsjefen, som trur dei forskjellige butikkane ønsker seg stort sett det same i framtidige tilsette.

– Eg trur dei ser etter engasjerte folk med drive, som har lyst til å lykkast, seier ho.

Lettare å gjera inntrykk

– Eg synst dette er veldig bra, det er lettare å gjera eit godt inntrykk når ein treffest slik, heller enn å senda ein mail eller gå i kassen på butikken, seier ein spent Anders Gjesdal og kikar på menneskemengda som har møtt for å freiste lukka.

Anders Gjesdal

Anders Gjesdal var ein av dei monge som søkte jobb.

Foto: Anders Fehn / NRK

– Eg er ganske spent, og håper jo på å få meg ein jobb. Aller helst vil eg arbeida i ein sport- eller friluftsforretning. Det trur eg at eg passar best til.

Det er enormt mykje folk her, trur du at du får jobb?

– Tja, det ser litt skummelt ut dette her, men eg får håpa på det beste!