Hopp til innhold

Øykommunar til kamp mot samanslåing

Verken dei som bur i små øykommunar, eller dei som styrer dei, vil ha kommunesamanslåing. Nå får dei støtte i ein forskingsrapport kommunane sjølve har bestilt.

Kommunalkomiéen på besøk på Utsira

Politikarane i kommunalkomitéen er i dag på Utsira og blir informert om rapporten.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Innbyggjarane i øykommunane fryktar å bli ein utkant i ein ny samanslått kommune. Dei er redde for at helsetenestar og butikkar forsvinn og dei reknar også med at avstanden til politikarane blir lengre.

Det spesielle med øykommunane er at det store fleirtalet av lokalpolitikarar og tilsette i kommuneadministrasjonane meiner det same.

Nå får dei støtte frå ei utgreiing som Norsk senter for bygdeforsking har gjort på oppdrag frå 10 øykommunar i Norge, deriblant Utsira og Kvitsøy i Rogaland.

Utsira

Rapporten peikar på at øykommunar utan brusamband med fastlandet har spesielle utfordringar. Her frå Nordevågen på Utsira

Foto: Dorrit Kyed

Inga god løysing for øykommunane

Rapporten peikar på at øykommunar med lang avstand til fastlandet, er i ein spesiell situasjon.

Målet om busetting i heile landet, kan bli svekka gjennom at desse kommunane blir slått saman med andre, er ein av konklusjonane. Årsaka til det er at innbyggjarane kjem til å oppleva det tydlegare at dei bur i ein utkant, og at ein del av dei då vil flytte til meir sentrale strok.

Rutebåten Utsira AS

Utsirabuen har ingen annan måte å koma til fastlandet enn ved å bruke rutebåten. Den tar omlag ein time frå Haugesund.

Foto: Rutebåten Utsira AS

Lengre geografisk avstand til fleire av dei kommunale politikarane er også negativt, ifølge rapporten, som meiner at lokaldemokratiet blir svekka.

Positive trekk ved samanslåing

Barnevern og rus og psykiatri blir ofte peika på som område der små kommunar med få fagfolk ikkje klarer å gjera ein god nok jobb.

Rapporten tar også dette inn over seg, men meiner at det kan løysast gjennom samarbeid mellom kommunar, i staden for samanslåing. Slikt samarbeid eksisterer alt i stor grad.

Det einaste området der forskarane meiner ei samanslåing kan vera av det gode er med tanke på næringslivet. Det kan få betre kår dersom det blir knytta til ein større kommune med sterkare musklar for å leggje tilhøva til rette.

Billegare drift

Rapporten vedgår at færre kommuneadminstrasjonar fører til mindre behov for statlege overføringar. Men den peikar på at eit visst tenestetilbod likevel må eksistera på øyane for at folk skal kunne bu der, og då blir innsparingane mykje mindre.

Barnehagebarn på Utsira

Barnehagebarn i lek ute i naturen på Utsira. I 2013 var det 215 innbyggjarar i øykommunen.

Foto: Utsira barnehage

Krev særbehandling

Innbyggjarane i dei 10 øykommunane stiller seg truleg bak rådet som Norsk senter for bygdeforsking kjem med til slutt i rapporten. Det er at desse samfunna er i ein så spesiell situasjon at staten må erkjenna det og tilpassa dei statlege overføringane spesielt til denne gruppa.