På laurdag blir det billeg straum i heile landet, med periodar der prisen også ligg på minussida.
Aller billegast blir straumen på Sørvestlandet (NO2) i timane mellom klokka 13 og 15. Med prisar ned mot minus 60 øre kan kundar få betalt for å bruka straum.
– Prisen er så låg at han også dekker avgifter og nettleige, som er på ca. 50 øre per kilowattime. Det betyr at du tener pengar på å bruka straum desse timane, det er særs sjeldan, seier kommunikasjonssjef på energi i Lyse, Atle Simonsen.
- Skilnaden i vassmagasina gir analytikarar tru på lågare straumpris fram til oktober.
Snittprisen lågast i Oslo
Billegast snittpris for heile dagen er det Austlandet som får.
Grunnen til dette er at dei får ekstra import frå Sverige, som også har billeg straum, ifølgje Simonsen.
- Austlandet (NO1) – minus 2,81 øre
- Sørvestlandet og Sørlandet (NO2) – 12,36 øre
- Nordre del av Vestlandet og Midt-Noreg (NO3) – 0,57 øre
- Nord-Noreg (NO4) – 0,46 øre
- Midtre del av Vestlandet (NO5) – 5,83 øre
Simonsen forklarer dei låge prisane slik:
– Det er overskot av straum i Nord-Europa. Mykje produksjon frå solkraft, som ikkje kan lagrast, er det som i hovudsak sender prisen nedover.
- Sjølv om prisnedgangen har vore størst i Agder og Rogaland, er dette framleis fylka i landet med dei høgaste straumprisane. Dette meiner ordføraren i Kristiansand at ikkje er ein haldbar situasjon.
– Sørvestlandet og Austlandet får så mykje import desse timane at prisane blir pressa til låge europeiske nivå. Bergensområdet får noko høgare prisar fordi dei ikkje har same importmoglegheit.
- Fastprisavtale på straum gjer at Mathias tener pengar på å tilby gratis straum til naboane. Eksperten meiner likevel at vi bør tenke oss om før vi forpliktar oss til ein ny avtale no.
Lågare prisar i juli
NRK har spurt analysesjef i Volue, Tor Reier Lilleholt, om straumprisane.
Den korte forklaringa hans er at det blir mykje sol og vind på ein helgedag med lågt forbruk, spesielt i Tyskland.
– Dette er eit fenomen som har vore vanleg i helger med mykje vind og sol i Europa, og spesielt nå om sommaren i ei tid med lågt forbruk, seier han.
Ein kan ikkje stenga ned produksjonen, slik ein til dømes kan gjera med norsk vasskraft ifølgje Lilleholt. Han visar til at prisane har vore lågare i år enn i fjor.
– I juli var snittprisen i NO2 40 øre mot 70 øre i fjor. Prisane i haust og vinter vil gå noko opp, men det blir nok ikkje på det nivået som me såg for nokre år sidan. I 95 prosent av tida ligge på 0–100 øre, seier Lilleholt.