Eks-mannen hennar vart i Stavanger byrett dømt til fire års fengsel for omfattande vald og seksuelle overgrep mot Sofia og dei to tenåringsbarna.
Forsvararen hans seier at han no kan gå fri om Sofia nektar å møta i ankesaka.
Ho og barna vart utvist før rettsaka mot eks-mannen kom opp i herradsretten.
Sofia skriv til Gulating lagmannsrett at ho ennå ikkje er orientert om utfallet av dommen som vart avsagt i Stavanger byrett i november i fjor.