Hopp til innhold

Overfall på Hundvåg i Stavanger

Politiet melder om at ei kvinne i 30-åra i dag vart overfallen i Austbøgeilen på Hundvåg i Stavanger.

Kvinna skal ha blitt utsett for ei uønskt seksuell handling, men gjorde motstand og skreik. Gjerningsmannen skal etter det ha sprunge frå staden.

Politiet melder om at mannen var kring 170 cm høg, hadde mørkt, kort hår, lys hud og normal kroppsbygging. Han hadde ei raud og svart boblejakke med hette og mørk bukse.

Politiet ber om tips eller observasjonar av mannen.

Hundvåg i Stavanger
Foto: Heidi Karin Gilje Skog