Hopp til innhold

Over 75.000 innbyggjarar i Sandnes

Trass dårlege tider er no kvar tredje nye innbyggjar i Rogaland sandnesgauk, det skriv Aftenbladet. Nye tal frå SSB viser at innbyggjartalet aukar i Sandnes, går ned litt i Sola, og held seg omtrent uforandra i Stavanger. I heile Rogaland er det no 471 957 innbyggjarar, det er 1050 fleire enn for tre månadar sidan.